Anders Hantveit var ordførar i 20 år - frå 1890 til 1910.
Trude Brosvik vart den første kvinna i ordførarstolen i Gulen. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK.
Johannes L. Wergeland var ordførar i Brekke frå 1905 til 1910.
Fram til 1890 heitte den Evenvig kommune. Den inkluderte Brekke sokn fram til 1850 og Utvær - seinare kalla Husøy sokn - i noverande Solund kommune fram til 1854. Frå 1964 har har Brekke vore ein del av Gulen kommune.
Ordførarar i Gulen kommune
- Prost Niels Griis Alstrup Dahl 1837-1849
- Bonde Rogn. P. Haugland 1850-1851, 1854-1855 og 1858-1877
- Cand. theol. Niels Alstrup 1852-1853
- Kjøpmann N. S. Ross 1856-1857
- Lærar Mikal L. Vadsø 1878-1879 og 1882-1885
- Bonde Otto L. Midtun 1880-1881
- Bonde Gjert J. Grinde 1886-1889
- Bonde Anders Hantveit 1890-1910
- Bonde Hans K. Rutledal 1911-1931
- Fylkesagronom Henrik H. Tveit 1932-1941 og 1945
- Skulesjef Søren Randal 1946 og 1964-1967
- Kjøpmann Ludvik J. Kjellevold 1947-1963
- Postopnar John L. Kjellevold 1968-1971
- Planteskulestyrar Harald Takle, Venstre 1971-1975
- Ola Byrknes, Senterpartiet 1976-1978 og 1983-1999
- Olav Solheim, Arbeidarpartiet 1978-1983
- Trude Brosvik, Kristeleg Folkeparti 1999-2011
- Hallvard Oppedal, Senterpartiet 2011-
Ordførarar i Brekke kommune
i den tida dette soknet var eigen kommune 1850-1859:
- Lærar Ola Mathiasson Asheim 1850-1855
- Lasse Hermundson Fram-Brekke 1856-1859
Ordførarar i Lavik kommune
i den tida Brekke var ein del av Lavik kommune-1859-1904:
- Kaptein Peder Fredrik Hartwig 1859-1862 og 1873-1877
- Kyrkjesongar Lasse Ellingsen 1863-1873
- Kyrkjesongar Matias Ellingsen 1878-1883
- Bonde og kyrkjesongar Mons H. Oppedal 1884-1889
- Bonde Lasse J. Wergeland 1890-1901
- Lærar Berge Instefjord 1902-1904 og 1915-1919
Ordførarar i Brekke kommune
i den tida Brekke var eigen kommune 1905-1964:
- Bonde Johannes L. Wergeland 1905-1910
- Bonde Ivar Sjurson Haugland 1911-1916
- Bonde Ola K. Indre Oppedal 1917-1919, 1923-1925 og 1929-1931
- Bonde Mons Hanson Ytre Takle 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934
- Bonde Sjur I. Haugland 1935-1937
- Lærar Nils R. Dale 1938-1943 og 1945
- Berner Ellingsen 1943-1945
- Bonde Torvald Hjellum 1946-1959
- Gartnar Tormod Tynning 1959-1963