Foto: Stein Magne Os, NRK.
Ottar Hov fødd 1943 i Vik, busett i Eldalsdalen. Turistvert og naturvernar.
Han arbeidde heilt frå gymnastida imot kraftutbygging i Gaularvassdraget (sjå Striden om Gaularvassdraget), og stod sentralt i Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget, som arbeidde for vern frå 1973 til vassdraget vart varig verna i 1993.
Hov sat 16 år i komunestyret, først for ei «verneliste», og seinare for Venstre.
Han driv Hov Hyttegrend i Eldalsdalen, og har arbeidd med prosjektet «Fossestien», ein merka tursti langs øvre del av vassdraget. For dette arbeidet fekk han kulturprisen til Gaular kommune i 2011.