Rolv Henden.
Rolv Henden (1914-1992) frå Sandane. Bror til Olav K. Henden. Disponent i Firda Billag frå 1940 til 1982, der han var ein framsynt og aktiv leiar.
Henden si leiartid vart Firda Billag bygd ut til eitt av dei store ruteselskapa i Noreg, både som busselskap og godsselskap. Selskapet skipa også Fjordane Reisebyrå.
Rolv Henden var saman med broren Olav K. Henden topphemmelege XU-agentar under 2. verdskrig. Rolv Henden var peika ut som distriktssjef for Milorg i Sunnfjord i 1945, men måtte gå i dekning etter ei opprulling av organisasjonen.