Flora er eit øysamfunn, og båten har vore, og er framleis eit viktig framkomstmiddel. Tansøy, her ved kai i Florø, fraktar folk, gods og bilar mellom Florø og øyane. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Florø by og dei landfaste bygdene i storkommunen Flora var utan vegsamband med omverda fram til vegen mot Naustdal vart opna i 1945. Før den tid var det fylkesbaatrutene som knytte fjordbygder og øyar saman. Fiskeribyen Florø fekk tidleg eigen ”fiskeritelegraf” og anløp av kysthurtigruta, og då fylket sitt eige reiarlag i 1986 valde å flytte administrasjonen frå Bergen og ”heim” til eige fylke, var Florø eit naturleg val. Då kortbaneflyplassane i fylket vart bygde tidleg på 1970-talet, valde Widerøes Flyveselskap å leggje basen for vestlandsrutene til Florø lufthamn.
Skysskifta Furesund, Hellevik og Kinnasundet
var i eldre tid viktige trafikknutepunkt.
Veg- og brusamband i Flora
Først i 1945 fekk Florø samanhengande vegsamband til Førde. I 2005 var det gul midtstripe på heile vegstrekninga.
Den første bilen i Florø. Ukjend fotograf. Eigar: Kystmuseet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Ferdsla på sjøen i Flora
Den første regulære rutefarten langs kysten starta då Staten sette opp ei postførande dampskipsrute mellom Bergen og Trondheim i 1843. Ruta vart trafikkert av hjuldampskipet «Nordcap». Skipet ankra opp i Furesundet.
I øyriket Flora er båten framleis god å ha når noko skal fraktast. Her blir ein kompressor lasta om bord i ein fraktebåt i Rognaldsvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Flysamband og lufthamna i Florø
Florø Lufthamn vart opna i 1971.
Posten i Flora
Furesund hadde det første postkontoret i Flora. Frå 1843 stogga postbåten langs kysten der.
Telegraf og telefon i Flora
Florø fekk såkalla fiskeritelegraf alt i 1861.
Florø Radio
Krav frå offiserane på ruteskipa langs kysten førde til at Florø Radio vart oppretta i 1938.
Rognaldsvåg Aerradio
– sjå Florø Radio.
Hadde dei store jernbaneplanane blitt realiserte hadde det vore jernbanestasjon i Hesteneset og ikkje skipsverft. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane
I storfelte utbyggingplanar for jernbane i Sogn og Fjordane kring 1920, vart det planlagt sidespor frå stambanen Vadheim-Sandane til Høyanger, Florø og Måløy. I Florø vart ein stor del av Hesteneset (der skipsverftet ligg idag) regulert til jernbanestasjon. Det kom ingen stambane – og heller ingen jernbanestasjon i Florø....
Ein buss frå Firda Billag står klar på Amtskaia ca. 1950. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.
Rutebilstasjon
Firda Billag bygde i 1977 eigen rutebilstasjon i Florø ved Fugleskjerkaia, der den tidlegare Høgskuleheimen (sjå Fiskarfagskulen i Florø) og lensmannsgarden Lindheim låg. (I dette huset døydde den kjende lepra-forskaren Armauer Hansen frå Bergen i 1912). Bygget husar også tollvesen og arbeidskontor. I 1971 starta billaget eigen ringbuss/bybyss i Florø, og i 1998 starta «Sunnfjord-bussen», som trafikkerer kvar time mellom Florø og Førde. Firda Billag utfører elles alle bussruter i Flora.
Rutebilstasjonen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Samferdslekonsulent
I 1946 vart stillinga som samferdslekonsulent i Sogn og Fjordane skipa, og kontoret lagt til Florø. Arne Sunde jr. var første konsulent. Samferdslekontoret vart i 1956 flytta til Førde, og flytta vidare til Leikanger i 1976.