| | |
| Fakta om Selje | |
|---|---|
| Areal: 326 km² | |
| Folketal: 2789 (1.1. 2013) | |
| Høgste fjell: Saltehornet 774 m.o.h. Utsiktspunktet på Kjerringa på Stad er 496 m.o.h. | |
| Ordførar: Ottar Nygård, Tverrpolitisk liste. | |
| Tettstader: Tettstader: Selje (kommunesenter), Leikanger på Stad. | |
Segna om den mystiske kongsdottera frå Irland som vart St. Sunniva av Selja, la grunnlaget for eitt av dei mektigaste norske klostera i mellomalderen. Den vesle øya fekk eigen bispestol og rådde over enorme eigedomar i Fjordane og på Sunnmøre.
På Dragseidet drog vikingane skipa sine over for å sleppe å segle det lunefulle Stadhavet, og der tvangskristna Olav Tryggvason bøndene i fire vestlandsfylke i 997. I Ervik ligg Sanct Svithun-kapellet som minner oss om tragedien då den norske hurtigruta ”Sanct Svithun” vart bomba på Stadhavet i 1943, og kring 55 menneske omkom, og redningsdåden til Ervik-folket som berga 75 personar frå frådande brenningar.
Selje har i dag ein moderne industri som framstiller både skjorter, plastbåtar og avansert kommunikasjonsutstyr. På Stadlandet finn vi den største fiskeflåten i Sogn og Fjordane.
Selje sentrum med klosterøya Selja utanfor. Foto: Stig Silden.
|
|