Sildeflåten i hamn i Måløy på 1950-talet. Foto: Askeland. Eigar: Aslaug Kambestad Skram/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Det store sildeeventyret på Vestlandet – med Måløy og Florø som senter – starta 1947. Totalt samla vintersildfisket kring 27.000 fiskarar i dei beste sesongane. Både i Måløy og Florø rekna ein med at det samla seg 1000 fiskebåtar, og opptil 10.000 fiskarar. I tillegg gav sildesesongen arbeid til tusentals personar på buder og i lossegjengar.
Toppåret var 1956, då samla kvantum kom opp i 12,3 mill. hektoliter. Av dette vart 6,4 mill. hektorliter landa i Sogn og Fjordane. På hamna i Måløy låg «Betelskipet» Elieser 5 med sjukestove og andaktsrom, og tok skuleklassar på dagsturar ut på fiskefelta. I desse åra vart Kvalheim & Co. den største og leiande fiskeverksemda i Måløy, ved sida av Måløy Sildoljefabrikk A/S.
Måløybåten Midtgaard på sildefiske ved Sendingane utanfor Florø. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Meir enn dobla folketal
Folketalet i Måløy vart i desse åra meir enn dobla. Store fiskebuder og fryseri i betong vart bygde langs heile stranda frå Gotteberg til Sæternes, og slippar og forretningsfolk opplevde ein gullalder.
Skulpturen Sildeguten, laga av Turid Brunsvik Kvalheim, vart sett opp i Sentrumsparken i Måløy i 1997.
På nytt tok måløyværingane opp spørsmålet om bystatus utan å lukkast. Det vart heller ikkje noko av planen om eigen flyplass ved Skramsvatnet, og spørsmålet om fastlandssamband enda med ein årelang strid om bru eller tunnel. Brua kom først i 1973. Ein viktig milepel for Måløy i handelen med utlandet var då Måløy vart eigen tollstad midt på 1950-talet.
Blømde på Raudeberg
På Raudeberg var sildeåra på 1950-talet også ei blømingstid, men likevel ikkje i same omfang som i Måløy. I 1955 bygde Sogn og Fjordane Fiskesalslag eit av sine største mottaksanlegg og fryseri på Raudeberg. Elles satsa mange næringsdrivande på Raudeberg på klippfisk- og tørrfiskproduksjon. Ei tid hadde bygda 10 elektriske tørkeverk for klippfisk.
I Vågsvåg bygde eigar av handelsstaden Vågsberget, skipsreiar Johan Horn (sjå Jacob Kjøde) ut eit stort mottak og fiskemjølfabrikk i desse åra. Anlegget hadde opptil 100 tilsette.
Les meir: Ny epoke då vintersilda svikta.