Sjukepleiarhøgskulen i Førde

I samband med opninga av Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i 1979 (no Førde Sentralsjukehus), vart det starta sjukepleiarhøgskule i eit bygg like ved sjukehuset.

Sjukepleiarautdanninga i Førde kom under «paraplyen» til Høgskulen i Sogn og Fjordane, med hovudsete i Sogndal. I 2001 vart det gjeve klårsignal for nybygg til høgskulane i Førde på Vie.