Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv

Nese i Arnafjorden. Raset kom ned fjellsida til høgre og trefte tunet på garden Nese. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nese i Arnafjorden. Raset kom ned fjellsida til høgre og trefte tunet på garden Nese. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utanom Lodals-ulukkene - dei store rasulukkene i Lodalen i 1905 og 1936, er skredulukka på garden Nese i Arnafjorden den 2. desember 1811 ei av dei største naturkatastrofene i Noreg i nyare tid.

Etter dagevis med striregn, tok det ved totida om natta til å rase i fjellet ovanfor dei to tuna der det budde 61 menneske. Lengst oppe var det små mengder som losna, men det drog med seg stein, jord og snøsørpe nedover. Skredet delte seg i to greiner som trefte kvart sitt klyngetun med ofseleg kraft. Nokre av husa vart øyrde ned i rasmassane, men dei fleste vart førde dei 6-700 metrane ned til sjøen. Berre eit par hus i det gamle klyngetunet stod att.

Berre 14 av dei 45 som omkom vart attfunne. Dei vart gravlagde i ei massegrav.

Den 28. september 2008 vart eit minnesmerke avduka på Nese av skredhistorikar Astor Furseth. Minnesmerket er sett saman av 45 steinar som er gravne opp av skredmassane, ein stein for kvart rasoffer. Foto: Jon Nese. Frå Pridlao.

Denne modellen av Nese (i hytta på minnestaden) viser korleis raset (det mørke feltet) trefte bygda etter å ha delt seg i to. Etter raset vart husa sette opp att på tryggare område. Modellen er laga av Nils Kvamme og Jon Nese. Foto: Jon Nese. Frå Pridlao.

Mellom dei som vart berga var det mange barn. Dette kom truleg av at dei sov på kovelemmen høgt oppe i huset, og såleis flaut meir oppå då husa vart førde bort med skredet.

Jenta og stakken vart berga

Mellom anna var det ei jente som hadde kyrkjestakken sin hengande på sengestokken. Då raset trefte huset, flaut senga oppå rasmassane og vart til slutt ført ut av raset og vart ståande ved Arnafjord kyrkje, med både jenta og stakken velberga. Men nesten heile vaksengenerasjonen i bygda vart ustletta.

Fjøsvegg med ku rak til Vangsnes

Vrakdelar og innbu flaut over store delar av Sognefjorden. Ein fjøsvegg vart funnen att på Vangsnes, med kua framleis hengande fast i spilltauet.

På Nese vart husa flytta til tryggare stad etter ulukka. Mange av dei overlevande bygde ikkje nytt, men flytta bort frå bygda. Der dei to tuna stod har det ikkje budd folk sidan 1811, men det har heller ikkje gått skred der igjen.

Monument med 45 steinar

I 2009 sette bygdefolket opp eit monument til minne om ulukka i 1811, dei samla 45 steinar frå rasmassane, ein stein for kvart menneskeliv som gjekk tapt. I tillegg vart det bygt ei hytte – Skredstova – der det er informasjon om katastrofen som råka Nese.

Skredstova som vart reist i 2009. Foto: Jon Nese.

Skredstova som vart reist i 2009. Foto: Jon Nese.

Same natta som storskreda øydela på Nese, gjekk det eit 400 meter breitt skred ved garden Refsdal i Vik.