Skular i Årdal

Tangen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Tangen skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK


Grunnskulane i Årdal

På det meste var det 12 skulekrinsar i Årdal. Frå 1982 har det berre vore to.

Målforma i skulen

Lærar Thomas Kilen freista tidleg på 1880-talet å innføre nynorsk i undervisninga i Årdal, men kom på kant med den mektige ordføraren Endre Offerdal. I 1881 fekk Kilen hard refs. Men då målmannen Per Klingenberg Hestetun (sjå denne) engasjerte seg i politikken vart nynorsk innført som skulemål i alle krinsar i 1907. Då han vart ordførar i 1908, var nynorsk også kommunalt administrasjonsmål.

Prøvde dagleg skule i 1901

Etter mykje strid vart det i 1901 innført prøve med dagleg skule ved dei største skulane i kommunen. Dei eldste gjekk på føremiddagen og dei minste på ettermiddagen, men etter sterke protestar frå foreldre vart ordninga etter kort tid avvikla.

Avgangsklassen ved Farnes skule i Øvre Årdal i 1944. Foto: Hans Seim.

Avgangsklassen ved Farnes skule i Øvre Årdal i 1944. Foto: Hans Seim.

Framhaldsskule i Årdal

vart innførd i 1897.

Støtte til skulehus på Farnes og Tangen

A/S Tyinfaldene gav kommunen eit rentefritt lån på til saman 50.000 kroner då skulehusa på Farnes og Tangen vart bygde i 1918 og 1921.

Årdal realskule

vart starta som toårig skule på Farnes i Øvre Årdal i 1943.

Skuleinspektør

vart tilsett i Årdal i 1948, den andre i Sogn og Fjordane. Lovpåbod om skuleinspektør i alle kommunar kom først i 1959.

Skulehage

I 1964 vart det starta skulehage ved Farnes skule. Her dyrka borna eigne grønsaker.

Leirskule

for skuleborn fekk Årdal kommune i Valdres i 1966. Då gjorde Årdal avtale med Vang kommune om å leige Åsvang skule til føremålet. Åsvang vart også brukt til kurs for lærarar og idrettslag fram til den vart avvikla i 1975. Då hadde 3300 Årdalselevar hatt opphald på leirskulen i Valdres.

17. mai-toget startar frå Tangen skule i 1963. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

17. mai-toget startar frå Tangen skule i 1963. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Niårig skule i Årdal

Årdal starta forsøk med niårig skule i 1961 og var såleis ein av dei første kommunane i fylket som innførde det nye skuleslaget.

Lærlingskular og yrkesskular

I 1947 vart det i samarbeid mellom Årdal Verk og Årdal kommune starta lærlingskular både på Årdalstangen og i Øvre Årdal.

Husstellskule

vart starta som kommunal skule på Farnes i 1967. Fylket tok over drifta i 1978 som ein del av det vidaregåande skuleverket.

Gymnas og vidaregåande skule i Årdal

I 1967 fekk Årdal kommune eit mellombels løyve til å starte vanlege gymnasklassar knytte til Sogndal gymnas.

Teknisk fagskule

I 2008 vart det starta teknisk fagskule i Årdal. Skulen er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde tekniske fagskule og Årdal vidaregåande skule.

Pedagogisk servicesenter

fekk Årdal i 1974, og pedagogisk-psykologisk tenestekontor 1975.

Dagens kommunale skular i Årdal

  • Farnes skule (1.-10. klasse)
  • Tangen skule (1.-10. klasse)
Farnes skule - barnesteget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farnes skule - barnesteget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.