Sogn og Fjordane politidistrikt vart skipa frå og med 2002 med hovudadministrasjonen og politimeisteren plassert i Florø.
Etter hard tevling mellom alternativa Sogndal og Florø, vann Florø lokaliseringskampen om politikammeret for Sogn og Fjordane, sjølv om regjeringa hadde gått inn for Sogndal, der Sogn politikammer vart flytta i 2000 etter å ha lege i Leikanger sidan 1898 – med unntak av tida 1919-1935, då kammeret var plassert i Vik.
Sogn og Fjordane Politidistrikt har eigen båt.
Ese fyrste fylkesmeister
Begge dei to politimeistrane søkte, og politimeister i Sogn, Kjell Ese, fekk stillinga som første politimeister for det fylkesomfattande politidistriktet.
Etter omorganiseringa til Sogn og Fjordane Politidistrikt er Sogndal Politistasjon tildelt viktige ansvarsfelt som etterretning, kriminalteknikk, beredskap og trafikk.
Sogn og Fjordane Politidistrikt har politiansvaret for heile Sogn og Fjordane fylke med unnatak av Solund og Gulen kommunar. I nord femner Sogn og Fjordane Politidistrikt også om Vanylven kommune i Møre og Romsdal.
Tre operative avdelingar
Frå 2011 er Sogn og Fjordane politidistrikt delt inn i tre operative avdelingar, Sogn (Årdal, Lærdal, Luster, Sogndal, Aurland, Vik og Leikanger), Sunnfjord (Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Gaular, Førde, Naustdal, Flora, Jølster, Gloppen og Bremanger) og Nordfjord (Vågsøy, Selje, Vanylven, Eid, Hornindal og Stryn). Målet er å få til tettare samarbeid mellom lensmannskontora. Dei tre einingane blir administrerte frå Sogndal, Førde og Måløy.
Politihuset i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Politimeistrar i Sogn og Fjordane:
- Kjell Ese 2002 -2006
- Johan Brekke 2007 -
Politimeister Johan Brekke. Foto: Cosmin Cosma, NRK.
Historia til polititenesta i Sogn og Fjordane
Ordenstenesta på landsbygda i Noreg har tradisjonar heilt tilbake til 1200-talet.
Les også om: