Solund



Fakta om Solund
Areal: 228 km².
Folketal: 842 (1.1. 2013).
Høgste fjell: Krakhellenipa 569 m.o.h.
Ordførar: Ole Gunnar Krakhellen, Høgre.
Tettstader: Hardbakke (kommunesenter)

Solund kommune er den minste kommunen i Sogn og Fjordane og er den einaste kommunen i fylket som berre ligg på øyar. Solund hadde den første kvinnelege ordføraren i Sogn og Fjordane.

Dei lune vågane ligg godt til rette for fiskeoppdrett, og i gamal tid skapte sildevågane rikdom for dei mange landnotlaga i Solund. I sildetida var Utvær eit livskraftig og livleg samfunn, no er berre husa og fyret att.

Folket på øyane gjorde ein stor innsats i Shetlandsfarten under 2. verdskrig, både med hjelp til rømlingar og mottak av store våpenlaster til motstandsstyrkane.

Øykommunen er eit ferieparadis på sommarstid, og mange i Solund har satsa sterkt på turisme. Skipsreparasjon sysselset og ein del sulingar. Men folketalet har dei siste åra gått sterkt tilbake, og det vert sagt at folketalet vert dobla i Solund når alle utflyttarane kjem heim på sommarferie.

Slik tek Solund seg ut frå lufta, tilsynelatande berre stein og sjø. Men innimellom alle knausane er det frodige og livskraftige småsamfunn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Slik tek Solund seg ut frå lufta, tilsynelatande berre stein og sjø. Men innimellom alle knausane er det frodige og livskraftige småsamfunn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.