Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane

Standarden på vegane i Sogn og Fjordane har fått eit kraftig løft sidan 1970. Dette er frå opninga av Seltatunnelen på E16 i Lærdalsdalen i juni 2003. Foto: Arild Nybø, NRK.

Standarden på vegane i Sogn og Fjordane har fått eit kraftig løft sidan 1970. Dette er frå opninga av Seltatunnelen på E16 i Lærdalsdalen i juni 2003. Foto: Arild Nybø, NRK.

Statens Vegvesen har ansvaret for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegnettet og tilsyn med køyretøy og trafikantar. Etaten har også ansvar for å oppretthalde tilbodet om riksvegferjer.

Militærvesenet ansvarleg for vegane

Etter gamal tradisjon frå dansketida, var bygging og drift av veganlegg heilt fram til 1864 i hovudsak organisert av det militære.

Frå militær til sivil vegadministrasjon

- historia frå den nye veglova i 1851 fram til omorganiseringa av vegstellet i 2002.

Vegen over Sognefjellet blir brøytt gjennom etter vinterstenginga. Foto: Kjartan Kvien.

Vegen over Sognefjellet blir brøytt gjennom etter vinterstenginga. Foto: Kjartan Kvien.

Lokale vegkontor i Sunnfjord og Nordfjord

I 1838 vart det som nemnt, tilsett åtte veginspektørar i Sogn og Fjordane. Desse inspektørane sorterte under amtmannen (fylkesmannen) og hadde overoppsynet med bygging og vedlikehald av lokale vegar i sine distrikt.

Administrasjonsbygningen til Statens Vegvesen i Askedalen på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Administrasjonsbygningen til Statens Vegvesen i Askedalen på Hermansverk. Foto: Arild Nybø, NRK.

Riksvegar vert fylkesvegar

Frå 2010 er ansvaret for dei fleste riksvegane i Sogn og Fjordane overført frå Staten til fylkeskommunen. Unntaka er dei strekningane av E39 og E16 som går gjennom Sogn og Fjordane fylke, og dessutan riksveg 15 frå Måløy og til fylkesgrensa mot Oppland, og riksveg 5 frå Florø og til krysset med E16 i Lærdal. Alle desse vert framleis Staten sitt ansvar.

Vegstasjonar og biltilsyn

Frå 1966 vart det skipa fem vegstasjonar. I 1939 fekk Sogn og Fjordane eigen bilsakkunnig med kontor på Leikanger.

Den første vegsjefen i Sogn og Fjordane, Christopher Engebreth Borch, med familie. Til høgre den første vegsjefen i Sogn og Fjordane, Christopher E. Borch,med familie. Vegsjefen til høgre, i midten kona Kate, og til venstre dei to borna, Christian og Sophie. Foto: Henricksen. Foto utlånt av Christian Borch.

Vegsjefar i Sogn og Fjordane

I dette huset heldt vegsjefane Borch, Knudsen og Torp til før det vart nytta for vegadministrasjonen fram til 1939. Det vart kalla både Borch-huset og Torp-huset. Huset brann i 1979. Foto © Fylkesarkivet.

  • Christopher Engebreth Borch 1895-1924 (vegktr. oppretta)
  • Knud Knudsen 1924-1937
  • Alf Torp 1937-1956
  • Egil Abrahamsen 1956-1970
  • Rasmus Gudbrand Værn 1970-1985
  • Lars Lefdal 1985-2003 (Knut Skjånes kst. vegsjef 1985-1989)

Frå 2003 har ikkje Sogn og Fjordane hatt eigen vegsjef.

Vegsjefar i Region Vest:

  • Ole Christian Torpp 2003-2007
  • Olav Ellevset 2007-2011
  • Paal Fosdal (konstituert) 2011
  • Helge Eidsnes 2011-