Sunnfjord Hotell

Rica Sunnfjord Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rica Sunnfjord Hotell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sunnfjord Hotell vart bygt i 1968 etter initiativ frå Førde Næringssamskipnad. Eigarar vart eit «folkeaksjeselskap», med brei tilslutnad i bygda.

Det første byggjesteget var teikna av den britiskfødde arkitekten Connie Henden og fekk 67 senger i starten. Sunnfjord Hotell har gjennom fleire etappar vorte utvida til ein sengefløy med 330 senger, og med fleire utvidingar av konferanse- og restaurantfløy frå 1980- talet og fram til 2004 har hotellet vorte eitt av dei største i Sogn og Fjordane.

Vertskapet Siri og Vidar Ødelien (til høgre) ynskjer dei første gjestene på Sunnfjord Hotell velkomne i 1968. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Vertskapet Siri og Vidar Ødelien (til høgre) ynskjer dei første gjestene på Sunnfjord Hotell velkomne i 1968. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Rica overtok drifta

I 1999 overtok Rica-kjeden drifta av hotellet under namnet Rica Sunnfjord Hotel, men bygningar og eigedomar høyrer framleis til det gamle selskapet, og vert leigd ut til Rica-kjeden. Direktør for Sunnfjord Hotell frå starten i 1968 til 2006 var Vidar Ødelien.

Spa-hotell

I 2009 kunne hotellet ta i bruk ei ny spa-avdeling - Sunnfjord Spa. Hotellet har etter det fått namnet Rica Sunnfjord Hotell og Spa.