Talkummølla i Framfjorden på 1920-talet. Foto: Johan O. Hauglum. Eigar: Jon Hauglum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
I 1907 sikra Didrik W. Blaauw seg retten til å drive gruvedrift på dei store talkforekomstane som han oppdaga kring gardane på Lee.
I 1905 kom fossespekulanten Didrik W. Blaauw til Framfjorden og såg dei høge fossane i fjellsida. Blaauw vart på folkemunne kalla «Fosse-Blaauw», og var ein av fleire bergensarar som dreiv stort med fossekjøp i denne første oppkjøpsrunden kring hundreårsskiftet (sjå også «Fossekjøparane i Høyanger» og «Bergensar eigde Osen-vassdraget»).
Men Blaauw såg ikkje berre fossar kring Framfjorden, for i 1907 sikra han seg både fallrettane i elva og retten til å drive gruvedrift på dei store talkforekomstane som han oppdaga kring gardane på Lee. Han tok med seg steinprøvar til Tyskland og fekk dei analyserte i Berlin.
Arbeidarar ved talkgruva på Lee på 1920-talet. Frå venstre Jakob Dale, ukjend med tilnamnet Gråten, Hans Hellen, Peder Lee, Ivar Risløv, Olav O. Tryti, Olav Skjerven, Teodor Bungum, ukjend, Adolf Birkeland, Ingvald Lee, ukjend. Ukjend fotograf. Eigar: Jon Hauglum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Hestane dreiv taubana
Alt i 1908 var selskapet Mineral og Kraft A/S i drift med kring 100 arbeidarar. Her kunne folk tene over det tredoble av ei vanleg drengeløn på ein gard.
Talkmølla vart bygd nede ved sjøen i Framfjorden, og talksteinen vart frakta ned frå gruvene på ei 800 meter lang taubane. Trekket på taubana vart den første tida ordna med ei såkalla «hestevandring» - eit drivhjul drege rundt av hestar. Denne hestedrifta var i bruk heilt fram til 1918. Også vognene i gruva vart dregne opp med eit hestespel.
Seinare vart hestane avløyste av oljemotor og elektrisk drift frå ein kraftstasjon i Daleelva, bygd i 1911. Denne stasjonen leverte også straum til husa rundt, og var i drift til 1958. I gruvene vart vatn aust ut med bøtter i den første tida. Seinare kom pumpeverk. Frå mølla vart talkumet skipa ut i jutesekkar eller tønner.
Kontorbygningen til talkmølla før brannen i 1924. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.
Brann og konkurs
I 1917 sikra Blaauw seg også fallrettane frå Målsetvatnet og Ovrisvatnet. Dei gode inntektene han fekk frå Framfjorden investerte han m.a. i talkumgruver i Porsmyr i Hardanger og i ein torvkolfabrikk i Gjølanger (sjå Industri og næring i Fjaler).
Mølleanlegget i Framfjorden vart totalskadd av brann i 1924, og Blaauw gjekk konkurs. Det same gjorde dei fleste andre verksemder han kom borti, men han berga torvkolfabrikken i Gjølanger, for han flytta dit. Eldre folk kan hugse den gamle mannen som spaserte rundt i Gjølanger med sin karakteristiske kalott på hovudet.
Talkummølla i Framfjorden brenn. Foto: Johan O. Hauglum. Eigar: Jon Hauglum/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Kjøde tek over
I 1927 tok skipsreiar Jacob Kjøde frå Bergen over i Framfjorden. Kjøde utvida kraftverket, og organiserte selskapet under namnet A/S Framfjord Talcmill. Resten av mellomkrigstida var det 60 fast tilsette og mange deltidsarbeidarar i Framfjorden.
Kjøde sikra seg også mineralrettar på Dale, og starta drift der i 1942. Dei første åra etter krigen gjekk gruvene og mølla på tre skift og haddeover 50 tilsette. Men i 1956 var gruvene på Lee tome, og Dalegruvene minka også. For å halde hjula i gang, fekk Framfjorden tilskot av råstoff frå Norwegian Talc sine gruver i Mo i Rana.
Talkummølla etter oppattbygginga. Ein lastebåt frå Bergenske Dampskipsselskap ligg ved kaia. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.
Tome gruver
I 1957 selde Jakob Kjøde alle fallrettane i Framfjorden til Sognekraft. I 1960 vart det funne nye store talklag ved hjelp av diamantkjerneboring i Ståpelskår ved Dale, nok til å halde det gåande i minst 20 år til. Mølleanlegget vart modernisert og meir automatisert 1966-1969, og arbeidsstokken vart redusert til 24. Ståpelskårgruva var tom i 1984, og sidan har mølla fått råstoff frå Mo i Rana. I 1984 vart det funne store talkleie i Stølsheimen, men desse har førebels ikkje vorte utnytta. Hausten 2002 vart det bestemt at gruvedrifta og anlegget ved sjøen skulle leggjast ned.
Den nedlagde talkummølla slik ho tok seg ut i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Den tidlegare talkummølla sett frå landsida. Foto: Ottar Starheim, NRK.