Telefon i Askvoll

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Askvoll fekk telegrafstasjon kring 1885, og rikstelefon i 1903.

Telefonstasjonen flytta inn i nytt hus i 1933, og i 1958 flytta telefonstasjonen inn i det nye sparebankbygget. Askvoll vart automatisert i 1983 i samband med at det nye telehuset i Askvoll stod ferdig.

Holmedal

fekk rikstelefon i 1903. Stasjonen kom i samdrift med postkontoret frå 1928. Holmedal vart automatisert i 1983.

Værlandet

fekk rikstelefon i 1906. I nokre år etter dette veksla telesambandet til Værlandet litt mellom telegraf og telefon. Værlandet vart automatisert i 1983.

Bulandet

fekk rikstelefon i 1906. Automatisert i 1976.

Hindøy

fekk rikstelefon i 1906.

Sauesund

fekk rikstelefon i 1906. Automatisert i 1983.

Hegrenes

fekk rikstelefon i 1907.

Stongfjorden

fekk rikstelefon i 1907. Automatisert i 1970.

Herland

fekk rikstelefonstasjon i 1921 og fekk samdrift med postopneriet der frå 1927. Telefonen vart automatisert i 1983.

Vilnes

fekk rikstelefon i 1922.

Stubseid

fekk rikstelefon i 1923.

Alden

fekk rikstelefon i 1932.

Fossevik

fekk rikstelefon kring 1936.