Verd å sjå i Gloppen

Holvikjekta. Foto: Inge Haldis Aske Lothe.

Holvikjekta. Foto: Inge Haldis Aske Lothe.

Nordfjord Folkemuseum

i Jølet på Sandane, med gamle hus og gjenstandar frå heile Nordfjord.

Holvikjekta

– den siste Nordfjord-jekta, frå 1881, står i eige bygg på Austrheim (sjå Nordfjord Folkemuseum).

Gardsmuseum

Nils Seime, Breim, gardsmuseum med store samlingar av gamle bruksgjenstandar og båtar som var brukte på Breimsvatnet.

Norsk Fjordhestgard

på Breim. Ridekurs og andre mønstringar, og stemnestad for den årlege countryfestivalen.

Vereide kyrkje

Stor steinkyrkje frå 1200-talet.

Gimmestad gamle kyrkje

frå 1697, med særmerkt inventar og dekorasjonar.

”Utsikten”

i Fjellbygda, med vidt utsyn over Sandane og Gloppefjorden.

På tur i Ålfotbreen landskapsvernområde. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

På tur i Ålfotbreen landskapsvernområde. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Nasjonalpark og landskapsvernområde

Gloppen har ein svært variert natur, og fjellområda er eit eldorado for turentusiastar, både sommar og vinter. Delar av kommunen er innlemma i Jostedalsbreen nasjonalpark og Ålfotbreen landskapsvernområde og Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Breimsbygda Skisenter

med alpinbakke og skitrekk på Utvikfjellet.

Skisenteret på Utvikfjellet. Foto: Heidei Lise Bakke, NRK.

Skisenteret på Utvikfjellet. Foto: Heidei Lise Bakke, NRK.