Verd å sjå i Hyllestad

Kvernsteinparken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvernsteinparken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvernsteinbrota kring Åfjorden

Kvernsteinane frå Hyllestad var truleg ei av dei første norske eksportvarene. Kommunen har verna området og opna i 2002 ein kvernsteinpark. - sjå Kvernsteins-bygda.

Den Trondhjemske Postvei i Hyllestad

Restaurert postveg frå 1786 mellom Bergen og Trondheim. Vegen med mange gamle steinbruer er merka og brukande som tur- og sykkelveg frå Leirvik til Flekke i Fjaler.

Lihesten. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Lihesten. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Lihesten

Høgste fjell i kommunen og særmerkt landemerke i Ytre Sogn, der «Lihest-klyvet» vert arrangert til toppen kvart år.

Ingemar Nordstrand på veg til topps på Lihesten. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Ingemar Nordstrand på veg til topps på Lihesten. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Kjempebjørka på Gil

Ved gardane på Indre Gil viser eit skilt veg til ei uvanleg stor bjørk. Den er 18 meter høg og måler 3,4 meter rundt stammen.

Kvernhusa i Skor

Her er fem gamle kverner, ei sag og vassrenner restaurerte eller rekonstruerte kring Kvernhusfossen. Også i Systaddalen ligg eit særmerkt og godt bevart kvernhusanlegg.

Kvernene i Skor ca. 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Einar Varlid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kvernene i Skor ca. 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Einar Varlid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eitt av dei restaurerte kvernhusa.

Eitt av dei restaurerte kvernhusa.