Urnes stavkyrkje er mellom dei fremste kulturskattane i verda. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Urnes stavkyrkje
frå 1130 – står på UNESCO si liste over kulturarven i verda
Gaupne gamle kyrkje
frå 1647 – med bygningsdetaljar henta frå ei tidlegare stavkyrkje.
Dale kyrkje i Luster
frå 1240 – steinkyrkje med særs vakkert steinarbeid og eineståande barokk-interiør.
Joranger kyrkje
frå 1620 i Indre Hafslo.
Jostedal kyrkje
frå 1660.
Munthehuset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Munthe-huset
– restaurert herskapshus på den gamle storgarden i Ytre Kroken - sjå: Kroken - adelssete og kulturelt senter.
Galleri Walaker 300
– kunstgalleri i låven på det gamle Walaker Hotell i idylliske Solvorn.
Jostedalsbreen
med brearmane Nigardsbreen, Bergsetbreen i Krundalen, Tuftebreen, Fåbergstølsbreen og Austdalsbreen ned mot Jostedalen - og Austerdalsbreen ned mot Veitastrond. Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa med ei flatevidd på 500 kvadratkilometer. Jostedalsbreen vart nasjonalpark i 1992, og dekkjer eit areal med bre og kringliggjande fjell på 1320 kvadratkilometer. Lokale breførarlag arrangerer turar på breen.
Breheimsenteret. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Breheimsenteret i Jostedalen
Ved Nigardsbreen ligg Breheimsenteret i Jostedalen som har utstillingar om Jostedalsbreen og brehistoria. Det er kafé i senteret, og dei tilbyr turistinformasjon og formidlar guida turar på breen. I juli 2011 vart Breheimsenteret totalskadd av brann.
Feigumfossen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Mørkridsdalen
– storfelt og uregulert dalføre med den verna Mørkridselva.
Feigumfossen
– 218 meter høgt fossefall på austida av Lustrafjorden. Fossefallet er det femte høgste i fritt fall i Noreg, og er verna.
Sognefjellsvegen og Turtagrø
– Sognefjellsvegen vart nasjonal turistveg i 1997. Høgste punkt er 1434 m.o.h. og frå vegen har ein storfelt utsyn til toppane i Jotunheimen. (Sjå: Fjellklatrarhotella på Turtagrø).
Jotunheimen nasjonalpark
Skipa i 1980. Den dekkjer eit areal på 1.145 kvadratkilometer. Galdhøpiggen med sine 2.496 m.o.h. er Noregs høgste fjell. Den ligg på Oppland-sida. Ti av Den Norske Turistforening (DNT) sine hytter ligg i Luster kommune - i Jotunheimen og Breheimen.
Fuglesteg
Frå den restaurerte høgdegarden Fuglesteg med særmerkte steinhus er det storfelt utsyn over Fortunsdalen og Skjolden.
Fuglesteg med utsyn mot Skjolden. Foto: Rune Kjær Valberg, NRK.