Vik



Fakta om Vik
Areal: 828 km²
Folketal: 2731 (1.1. 2013)
Høgste fjell: Brekulen på Fresvikbreen 1648 m.o.h. På det tredje høgste fjellet i Vik, Ramberatinden 1623 m.o.h., vart det i 1859 sett opp ein varde som målepunkt for teikning av kart i Sogn.
Ordførar: Marta Finden Halset, Arbeidarpartiet
Tettstader: Vikøyri, kommunesenter


Produkt frå Vik ser du kring deg kvar einaste dag. Svært mykje av norsk vegsikringsutstyr vert produsert i Vik. Vik Verk har sidan 1968 vore den viktigaste industriverksemda. I Fresvik produserer suksessverksemda Fresvik Produkt kjølerom, og i Framfjorden starta talkummølla å male kalkstein i 1908.

I Flatbygdi står tre kyrkjer berre eit steinkast frå kvarande: Steinkyrkja på Hove og Hopperstad stavkyrkje er frå mellomalderen, og på Vangsnes kneisar sagakongen Fridtjof den frøkne 22,5 meter høg på sokkelen.

Her finn du soga om storfolket på Fresvik-godset Fresvikgodset, om dei søkkrike prestane Iver Leganger og Anders Daae, eksersisen på Viksmoen og sosietétslivet som utfalda seg i militærtida, om brannkatastrofane på Vikøyri i 1838 og 1922 og om ei av dei største naturkatastrofane i Noreg som bar til i Arnafjorden i 1811.

Vikøyri ein sommardag med cruiseskip på besøk. Til høgre i biletet skimtar vi Vangsnes med Kvinnefossen på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikøyri ein sommardag med cruiseskip på besøk. Til høgre i biletet skimtar vi Vangsnes med Kvinnefossen på andre sida av fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.