Kompetansemål: Læreplan i matematikk fellesfag, 1. - 4. trinn

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • kjenne att og beskrive trekk ved enkle to- og tredimensjonale figurar i samband med hjørne, kantar og flater, og sortere og setje namn på figurane etter desse trekka
  • kjenne att og beskrive trekk ved sirklar, mangekantar, kuler, sylindrar og enkle polyeder
  • kjenne att og bruke spegelsymmetri i praktiske situasjonar
  • kjenne att og bruke spegelsymmetri og parallellforskyving i konkrete situasjonar
  • lage og utforske enkle geometriske mønster og beskrive dei munnleg
  • lage og utforske geometriske mønster og beskrive dei munnleg
  • plassere og beskrive posisjonar i rutenett, på kart og i koordinatsystem, både med og utan digitale verktøy
  • teikne og byggje geometriske figurar og modellar i praktiske samanhengar, medrekna teknologi og design

Måling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • bruke ikkje-standardiserte måleiningar og forklare føremålet med å standardisere måleiningar, og gjere om mellom vanlege måleiningar
  • gjere overslag over og måle lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar
  • kjenne att dei norske myntane og bruke dei i kjøp og sal
  • løyse praktiske oppgåver som gjeld kjøp og sal
  • nemne dagar, månader og enkle klokkeslett
  • samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av høvelege måleiningar
  • samanlikne storleikar ved hjelp av høvelege målereiskapar og enkel berekning med og utan digitale hjelpemiddel

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • samle, sortere, notere og illustrere data med teljestrekar, tabellar og søylediagram, og kommentere illustrasjonane
  • samle, sortere, notere og illustrere enkle data med teljestrekar, tabellar og søylediagram

Tal og algebra

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • beskrive plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar, og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
  • bruke den vesle multiplikasjonstabellen og gjennomføre multiplikasjon og divisjon i praktiske situasjonar
  • bruke tallinja til berekningar og til å vise talstorleikar
  • doble og halvere
  • eksperimentere med, kjenne att, beskrive og vidareføre strukturar i enkle talmønster
  • gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
  • gjere overslag over og finne tal ved hjelp av hovudrekning, teljemateriell og skriftlege notat, gjennomføre overslagsrekning med enkle tal og vurdere svar
  • kjenne att, samtale om og vidareføre strukturar i enkle talmønster
  • telje til 100, dele opp og byggje mengder opp til 10, setje saman og dele opp tiargrupper
  • utvikle og bruke ulike reknemetodar for addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal både i hovudet og på papiret
  • utvikle og bruke varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal
  • velje rekneart og grunnegje valet, bruke tabellkunnskapar om rekneartane og utnytte enkle samanhengar mellom rekneartane

Opphavsrett NRK © 2009–2013 NRK | Nettsjef: Sindre Østgård | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen