Kompetansemål: Læreplan i matematikk fellesfag, 8. - 10. trinn

Funksjonar

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • identifisere og utnytte eigenskapane til proporsjonale, omvendt proporsjonale, lineære og enkle kvadratiske funksjonar, og gje døme på praktiske situasjonar som kan beskrivast med desse funksjonane
  • lage, på papiret og digitalt, funksjonar som beskriv numeriske samanhengar og praktiske situasjonar, tolke dei og omsetje mellom ulike representasjonar av funksjonar, som grafar, tabellar, formlar og tekst

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • analysere, også digitalt, eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og bruke dei i samband med konstruksjonar og berekningar
  • bruke formlikskap og Pytagoras’ setning i berekning av ukjende storleikar
  • bruke koordinatar til å avbilde figurar og finne eigenskapar ved geometriske former
  • tolke og lage arbeidsteikningar og perspektivteikningar med fleire forsvinningspunkt ved å bruke ulike hjelpemiddel
  • utforske, eksperimentere med og formulere logiske resonnement ved hjelp av geometriske idear, og gjere greie for geometriske forhold som har særleg mykje å seie i teknologi, kunst og arkitektur
  • utføre og grunngje geometriske konstruksjonar og avbildingar med passar og linjal og andre hjelpemiddel

Måling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • gjere greie for talet π og bruke det i berekningar av omkrins, areal og volum
  • gjere overslag over og berekne lengd, omkrins, vinkel, areal, overflate, volum og tid, og bruke og endre målestokk
  • velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling, og drøfte presisjon og måleusikkerheit

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • beskrive utfallsrom og uttrykkje sannsyn som brøk, prosent og desimaltal
  • finne sannsyn gjennom eksperimentering, simulering og berekning i daglegdagse samanhengar og spell
  • gjennomføre undersøkingar og bruke databasar til å søkje etter og analysere statistiske data og vise kjeldekritikk
  • ordne og gruppere data, finne og drøfte median, typetal, gjennomsnitt og variasjonsbreidd, og presentere data med og utan digitale verktøy
  • vise med døme og finne dei moglege løysingane på enkle kombinatoriske problem

Tal og algebra

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:

  • behandle og faktorisere enkle algebrauttrykk, og rekne med formlar, parentesar og brøkuttrykk med eitt ledd i nemnaren
  • bruke faktorar, potensar, kvadratrøter og primtal i berekningar
  • bruke, med og utan digitale hjelpemiddel, tal og variablar i utforsking, eksperimentering, praktisk og teoretisk problemløysing og i prosjekt med teknologi og design
  • løyse likningar og ulikskapar av første grad og enkle likningssystem med to ukjende
  • rekne med brøk, utføre divisjon av brøkar og forenkle brøkuttrykk
  • samanlikne og rekne om heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og tal på standardform, og uttrykkje slike tal på varierte måtar
  • setje opp enkle budsjett og gjere berekningar omkring privatøkonomi
  • utvikle, bruke og gjere greie for metodar i hovudrekning, overslagsrekning og skriftleg rekning med dei fire rekneartane

Opphavsrett NRK © 2009–2013 NRK | Nettsjef: Sindre Østgård | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen