Kompetansemål: Læreplan i mat og helse, 1. - 4. trinn
Mat og forbruk
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
Mat og kultur
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- beskrive samisk mattradisjon og korleis mattradisjonar har samanheng med natur og levevis
- dekkje bord og beskrive korleis måltidsskikkar blir praktiserte i ulike kulturar
- gjere sitt til trivsel i samband med måltida
- planleggje og gjennomføre ein fest i lag med andre i samband med ei høgtid eller ei anna markering
Mat og livsstil
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- bruke mål og vekt i samband med oppskrifter og matlaging
- lage trygg mat
- praktisere reglar for god hygiene
- setje saman og lage frukost, skulemåltid og mellommåltid i tråd med tilrådingar for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene
- velje ut mat og drikke som er med i eit sunt kosthald