Ivar Aasen
Sandnes videregående skole har hatt et prosjekt om Ivar Aasen.
Skjønner de diktene, behersker de målet, og hva vet de om hvem mannen var?
Ottar Grepstad forteller om Ivar Aasen og hans bosted i Oslo i Teatergata 6. Aasen levde spartansk og døde som en rik mann.
Omhandler dato: 1830
Ivar Aasen vaks opp i Ørsta og Volda på Sunnmøre, og utmerka seg tidleg som eit lyst hovud. Interessa for bøker fekk han frå nabogarden Ekset, der Sivert Aarflot hadde eit boktrykkeri.
Omhandler dato: 1800
Eit lite foredrag om tilhøva i Noreg då Ivar Aasen bestemde seg for å samle landsmålet. Det historiske bakteppet tar utgangspunkt i 1300-talet, da dei som budde i Noreg snakka norrønt. Så kom Svartedauden og med den døydde også det norrøne skriftspråket.
Under dansk styre var det dansken som blei språket i statleg og kirkeleg sammanheng. Dansk påverknad var tydligast i byane, medan folk i bygdene snakka som dei hadde gjort til alle tider.
Omhandler dato: 1850
Ivar Aasen brukte og det nye språket sitt til å skrive eigne verk. Diktsamlingar, songar, fagbøker og syngespel var bland det han skreiv og hausta heider for. Han viste gjennom dette at landsmålet kunne brukast til all slags skriving.
Omhandler dato: 1853
Ivar Aasen freista å samle alle dialektane i landet til eit felles skriftspråk som han kalla landsmål. Han ville kome bondestanden i møte, og gjere det lettare å tileigne seg bokleg lærdom som elles var skrive på dansk. Han hadde så vel demokratiske som sosialpedagogiske og nasjonale motiv for arbeidet.
I 1853 kom den første samlinga, i 1864 hadde han ferdig ein grammatikk og i 1873 låg ei ny og enda større ordbok føre.
Opphavsrett NRK © 2009–2013 NRK | Nettsjef: Sindre Østgård | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen