Tilhørende emner

Ingen tilhørende emner.

Vis klipp3:02

Sverige ville bestemme over Noreg

Omhandler dato: 1814

Mens Sverige ville ha Noreg og landet deira samla til eitt rike, ønska Noreg å bli meir sjølvstendig i tida etter 1814.

Her får du høyre meir om korleis dei to landa tenkte, og om korleis forholdet mellom dei to fungerte fram til 1905.

Vis klipp4:11

Stortingsvalet 1903

Omhandler dato: 1903

Noreg og Sverige er framleis i union i 1903, og kor vidt Noreg skal ha eigne konsular blir eit viktig tema i Stortingsvalet dette året.

Spørsmålet om eigne konsular skaper strid i dei to landa, og det blir usemje i Noreg om kor sterkt unionssaka skal stå i valet. Her får du høyre korleis valet går, og kva for ein katastrofe som dukkar opp og skapar overskrifter i avisene.

Ein konsul er ein tenestemann som varetar eit lands juridiske og økonomiske interesser i utlandet.

Vis klipp3:48

Noreg i union

Omhandler dato: 1814

Inntil 1814 er Noreg i union med Danmark. Men da Danmark-Noreg sluttar seg til den tapande parten i krigen som Napoleon fører, overførast Noreg til nabolandet Sverige.

Her får du høyre korleis det gjekk for seg, og korleis unionen mellom Noreg og Sverige fungerte. Du får også høyre meir om krigen under Napoleon.

Napoleon var keisar i Frankrike frå 1804 til 1814, og erobra og herska da over det meste av det vestlege og sentrale Europa. Eit mislukka felttog i Russland svekka posisjonen hans, og førde til det endelege nederlaget ved Waterloo i 1815.

Opphavsrett NRK © 2009–2013 NRK | Nettsjef: Sindre Østgård | Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen