Hopp til innhold

- Farleg å vere bonde

Det meiner seniorforskar som no skal kartlegge ulukker i landbruket.

Gardsbruk

ULUKKER: Mange bønder arbeider aleine på garden. No skal dei forskast på.

Foto: NRK

- Å vere bonde har vore det farlegaste yrket i mange år. Det er det sikkert mange årsaker til, seier seniorforskar Oddveig Storstad ved Norsk senter for bygdeforsking i Trondheim til nationen.no .

Sendt ut spørjeskjema

No har 7500 bønder i heile landet fått eit spørjeskjema i posten for å kartleggje personskader i landbruket.

- Vi ønskjer at materialet vi får inn skal gje oss svar på kvifor det er så høg dødsrisiko, seier forskaren til avisa.

For 20-30 prosent av alle dødsulukkene i arbeidslivet skjer i landbruket.

Bønder arbeider aleine

- Det er fint om vi kan få lagt til rette HMS- arbeidet meir målretta og direkte, seier Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Han trur ei av årsakene til at det er mange ulukker i landbruket er fordi bønder ofte arbeider aleine.

- Det er vanskelagare å tenkje tryggleik når ein er aleine og det er lett å bli blind når du er på garden dag ut og dag inn, seier Bjørke til avisa.

Vil finne svar

Prosjektet «Ulykker i landbruket» er finansiert av Norges forskningsråd og forskingsmiddel over jordbruksavtalen.

Storstad seier til avisa at dei har mange hypotesar om årsakene til dei høge ulukkestala, og at undersøkjinga kan stadfeste eller avkrefte nokre av dei.

Bygdeforsking, International Research Institute of Stavanger (IRIS) og Arbeidsmedisinsk avdeling ved St. Olavs hospital står bak skjemaet som bøndene no får.