Hopp til innhold

- Ver open om problem med å rekne

Medan dei som slit med lese- og skrivevanskar etter kvart har fått bra med hjelp er det verre for dei som har alvorlege problem med matematikk.

Regnestykke på tavle

DETTE SLIT DEI MED: Ein til to prosent har store vanskar med rekning. Illustrasjonsfoto.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Dei fleste kjenner ordet dysleksi, tidlegare vart omgrepet ordblind mykje brukt om dei som har vanskar med å lære seg å lese og skrive. Ordet dyskalkuli er ikkje like kjent, og dei som har denne diagnosen får ikkje like god hjelp, seier Hogne Helset, som er seniorrådgjevar i Statped Vest.

Hogne Helset

- VER OPEN OM PROBLEMET: Seniorrådgjevar Hogne Helset i Statped Vest.

Foto: Statped Vest

– Kan bli stempla som dum

– Det betyr mykje å vere god i matematikk. Er du god i matematikk reknar ein med at du fiksar det meste her i verda. Er du dårleg i matematikk er det lett å bli stempla som dum, rett og slett.

– Og dette fører kanskje til eit dårleg sjølvbilete?

– Ja, det er akkurat det som er skummelt med det. I matematikk er svaret anten rett eller feil. Når du får mange tilbakemeldingar på at det du gjer er feil, så kan det gå ut over sjølvbiletet ditt. Du får ikkje bekrefta at du er flink slik som andre. Så det er viktig å ta desse matematikkvanskane tidleg før dei får festa seg som ein del av personlegdommen.

– Dyskalkuli er ein tilstand som til ein viss grad er arveleg, i mange tilfelle ser vi at det går att i familien. Men det kan også dukke opp heilt tilfeldig. Ein viss del av befolkninga har desse vanskane.

– Har blitt oversett

Dei som har dyskalkuli kan ikkje velje yrke som til dømes ingeniør og navigatør, dei har mellom anna vanskar med å lese kart. Og dei som har denne tilstanden har det verre enn dei som har dysleksi, seier Hogne Helset i Statped Vest.

– Dei har nok blitt oversett og ikkje fått den hjelpa dei trengde i tidlegare tider. Det er mange som har hatt desse vanskane utan at det har blitt oppdaga, og det har vore ei belastning for mange.

Tavle

MANGE HAR MINDRE VANSKAR: 10-15 prosent beherskar ikkje dei fire rekneartane fullt ut. Illustrasjonsfoto.

Foto: Scanpix / Scanpix

Ein til to prosent har det

Dyskalkuli blir som regel ikkje oppdaga før borna er i skulealder. Sjølv om ein er komen lengre innan dysleksi, så er det etter kvart betre kunnskap i kommunane også om dyskalkuli. Dermed kan det bli sett i verk tiltak for å hjelpe elevar som slit med tal.

Og heldigvis er den alvorlegaste forma for dyskalkuli ikkje så veldig utbreidd, seier Helset.

– Vi reknar med at ein til to prosent av befolkninga har store, spesifikke matematikkvanskar. Snakkar vi om matematikkvanskar i mindre grad så er det faktisk eit ganske vanleg fenomen. Eg har sett på trykk at 10 til 15 prosent av dei som går ut av ungdomsskulen ikkje beherskar dei fire rekningsartane fullt ut.

– Men dette er ikkje dyskalkuli. Dyskalkuli er noko spesifikt som nokre få har.

– Viktig å vere open

Og sjølv om folk har store vanskar med matematikk kan dei fungere godt på andre område. Men mange slit med sjølvbiletet og prøver å løyne problemet for mellom anna å unngå mobbing. Hogne Helset meiner det er viktig å vere open om vanskane.

– Det har stor verdi for andre som har gått og prøvd å gøyme dette vekk å høyre at jamne er det andre som slit med det.

Vivvi Sagerup som bur i Skien er ei som har valt å vere open, og ho har oppretta ei nettside om dyskalkuli .