Hopp til innhold

Her kjem dei seg unna flaumen i helikopter

Klokka 14 i dag henta eit redningshelikopter ut 17 personar som var isolerte på Ryo og Indrelid i Flåmsdalen.

Evakuerte i Flåm

REDDA UT: Fleire personar måtte onsdag få hjelp til å kome seg ut frå hardast råka områda med helikopter. Se NRKs reportasje frå Flåmselvi.

– Det var veldig godt å kome seg ut, seier ei av dei, Eli Kristin Stave.

Ho og sonen var mellom dei som har vore isolerte sidan i går kveld, utan veg og utan straum. Dei bad Aurland kommune om å bli henta ut, og det skjedde etter at ordførar Noralv Distad rekvirerte redningshelikopter frå Florø.

Dei 17 vart frakta til Aurland, der dei i første omgang blir tekne hand om i Røde Kors-bygget.

Tysdag kveld måtte 143 personar evakuerast frå Flåm. Fleire personar har mista hus og eigendelar i den store flaumen som har råka bygda og store delar av Vestlandet. Det er elva Flåmselvi som har fløymt over etter stor vassføring. Det har ført med seg store øydeleggingar.

Dei som er evakuerte må vente til tidlegast torsdag før dei får flytte heim.

– Forferdeleg syn

Eli Kristin Stave

EVAKUERT: – Det var veldig godt å kome seg ut, seier Eli Kristin Stave.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Eli Kristin Stave fortel at dei bur så høgt at det ikkje var fare for huset. Men det var ikkje mogeleg for dei å kome seg derifrå utan hjelp.

Då dagslyset kom onsdag såg dei kor ille Flåmselvi hadde herja med dalføret.

– Det var eit forferdeleg syn. Eg hadde aldri trudd noko slikt kunne skje i Flåm, seier Eli Kristin Stave til nrk.no.

Evakuerte i Flåm

TIL RØDE KORS-BYGGET: Dei som vart evakuert i dag får informasjon om kva som skal skje.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Flom i Flåm