Hopp til innhold

– Godt å vere på trygg grunn att

– Det var ikkje noko redsel. Det gjekk eigentleg veldig roleg føre seg, fortel kaptein Åge Sjåstad (51) etter å ha måtte hoppa i dei enorme bølgjene utanfor Sørøya fredag.

Reddet fra 15 meter høye bølger

BERGA: – Det er definitivt godt å vere på trygg grunn att, seier kaptein Åge Sjåstad (t.h.) frå Stadlandet etter dramatikken fredag.

Foto: Allan Klo / NRK

Kaptein Åge Sjåstad har hatt sjøen som arbeidsplass sidan 1977, men det skulle gå 35 år før han fekk oppleve å evakuere båten sin, «Kamaro».

Mannskapet på 15 måtte hoppe i dei 15 meter høge bølgjene då slepet til Kystvakten byrja å slitne. Autolinebåten frå Stadlandet i Selje hadde på grunn av motorhavari vore på slep sidan tysdag.

– Vi fekk beskjed at om 40 minuttar kjem helikopteret, og då må vi stå flytedressane, fortel han til NRK.no.

– Gispa etter luft

Espen Vikavoll (18) frå Surnadal var den tredje som blei evakuert frå båten, men den fyrste som hoppet i vatnet.

– Det er ei tøff oppleving å hoppa ut i slike bølgjer, fortel han til VG Nett.

– Maska på overlevingsdrakta dekka stort sett hovudet og munnen. Samtidig skylla vatnet inn over ansiktet, slik at eg låg og gispa etter luft, seier han.

Frykta slepet skulle slite

Dramatikken starta måndag, på lag halvveges inn i dei seks vekene fisket skulle vare. Båten har kapasitet på kring 230 tonn fisk, og hadde fått om bord kring 100 tonn då ein bolt slitna, og nokre fjører gjekk av i toppen til motoren. Etter å ha forsøkt å reparere skaden måtte dei gje tapt tysdag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Mannskapet om bord på Kamaro blir berga opp frå dei enorme bølgjene utanfor Sørøya.

SJÅ VIDEO: Her blir mannskapet plukka opp. (Foto: Kystvakten)

Ein av Ervik Havfiske sine andre båtar i området slepte dei frå nordenden til sørenden av Bjørnøya. Så kom uvêret og Kystvakten kom til assistanse. På veg mot Hammerfest byrja slepet å slite. Så skjedde det alle frykta.

– Halligatten der sliparen går ut losna frå dekk og trykte den gjennom dekk og laga ein 50 centimeter skår ned i aluminiumsskroget framme på Bakken. Det byrja å gnage på sliparen, fortel Sjåstad.

Ville vere att i båten

Frå utsida virka situasjonen svært dramatisk. Det blåste storm i området og bølgjene vart målt til mellom 12 og 15 meter.

Mannskapet om bord, seks utanlandske og fem norske i alderen 18 til 56 år, opplevde det langt mindre dramatisk. Sjølv om to av mannskapet hamna i sjøen att medan dei vart plukka opp.

– Alt skjedde ganske fort. Vi diskuterte litt og plukka ut fire som skulle vere att, medan ti vart sendt i land. Så skjedde mykje på kort tid. Vi fekk vi tilbakemelding frå reiar og Hovudredningsentralen at alle skulle evakuerast og at det måtte gjerast straks fordi dei ville hente oss opp i dagslys, fortel han.

– Var ikkje dramatisk

Redningshelikopter gjorde forsøk på å plukke mannskapet opp frå båten, men det vart vurdert som tryggare å hente dei 15 opp frå sjøen.

– Det er langt tryggare å hente dei opp frå sjøen enn å heise opp folk frå eit dekk som bevegar seg fleire meter opp og ned, forklarte redningsleiar hos HRS, Frode Iversen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Disse bildene er filmet av Kystvakten selv mens kystvaktskipet KV Harstad forsøker å redde autolinebåten Kamaro i svært høye bølger ute i Barentshavet.

SJÅ VIDEO: Autolinebåten Kamaro under slep frå Kystvakten. (Foto: Kystvakten)

– Eg opplevde det ikkje det så dramatisk, men dei argumenterte med dagslys. Du byrjar ikkje diskutere med slike folk. Då berre gjer du som du får beskjed om, humrar Sjåstad.

Hoppa ein og ein

Dermed kasta dei ut trampar med bøyer så kystvakta kan plukke opp og prøve å få festa att i Kamaro. I tillegg la dei ut loseleiarar så mannskap kan komme seg om bord i båten.

– Det gjekk i grunn mykje på rutine. Dette har vi øvd og trena på, seier Sjåstad.

– Vi hoppa ein og ein, og vart ikkje liggjande så lenge i sjøen før vi vart plukka opp, fortel kapteinen.

Fekk ei tøff natt

– Det verste var i natt og i dag tidleg. Då var det veldig frisk vind, legg Sjåstad til og meiner bølgjene og vinden var kraftigare då enn då evakueringa skjedde.

– Det var mykje rørsle i båten og det vart lite søvn og avlyst måltid i dag, legg han til.

– Men var det ikkje redde då?

– Nei, nei, nei. Det gjekk heilt fint. Når du har kystvakta liggjande og halde, så var det ikkje noko problem. Det gjekk fint.

Driv mot land

To av mannskapet var framleis om bord då det siste av to slep slitna. Båten ligg no kring 12 nautiske mil frå land, nordvest for Sørøya.

Båten driv seint mot land, men ifølgje Kystvakta held båten gunstig kurs med tanke på å få berga den til land når vêret roar seg.

– Det var 15 meter høge bølgjer då mannskapet om bord «Kamaro» måtte hoppe i sjøen. No må vi berre håpe på betre vêr, for vi tek ikkje noko sjansar slik det er no, seier vaktsjef Jan-Hugo Lassesen.

– Gode sjøbåtar

Kystvaktskipa «kV Harstad» og «kV Barentshav» følgjer havaristen. Sjåstad blir ikkje redd over tanken på at mannskapet kunne vore om bord.

– Det blir litt annleis om du ligg heilt opp i fjøresteinane. Vi hadde nokre mil att, og skipet hadde inga slagside utanom at det var veldig slingring, seier han.

– Det er ikkje noko overhengande fare. Det er gode sjøbåtar, men det er ein ubehageleg situasjon naturlegvis. Det blir mykje rørsle, og du har ikkje maskinkraft til å gjere som du vil, legg Sjåstad til.

Godt mottekne

Sjåstad fortel at dei vart godt mottekne då dei endeleg var komne på trygg grunn i Hammerfest. Etter å ha fått både varm kaffi og suppe, fekk dei som trengde det tørre klede før turen gjekk vidare til hotellet der dei skal overnatte.

– Vi er blitt godt mottekne, seier han og fortel at dei har kome tilsynelatande uskadde frå hendinga. Det er uvisst når mannskapet får reise kvart til sitt. No ser dei fram til å få ei god natts søvn.

– De har ikkje fått den store skjelven i etterkant?

– Nei, men eg har gjeve beskjed om at dersom nokon får det, så må dei gi beskjed. Apparatet står klart til å hjelpe om vi skulle trenge det.