Hopp til innhold

– OL-ja kan gi regjeringskrise

Frp bør gå ut av regjeringa dersom Høgre tvingar gjennom ein norsk OL-søknad. Det seier fylkesleiar og landsstyremedlem Frank Willy Djuvik til Bergens Tidende. Onsdag skal Høgre si stortingsgruppe behandle den omstridde saka, og Djuvik seier at dersom dei seier ja, så vil det kome ei sak til Frp sitt landsstyre om at ein må vurdere regjeringssamarbeidet.

Frank Willy Djuvik
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK