Hopp til innhold

«Dei siste åra har eg mista ni vener på grunn av narkotika. Det er trist.»

Dei siste ti åra har over 3200 menneske døydd av overdose i Norge. I den vesle byen Florø har narkotikamiljøet blitt så hardt at dei narkomane er redde for å miste fleire.

Video Narkotikabyen Florø

OVERDOSE: Børre (42) har opplevd å miste sine næraste vener. Dei narkomane i Florø seier miljøet blir hardare og hardare. Her fortel dei om korleis det er å miste nokon dei er glade i. Foto: Simon Solheim/NRK

– Det er heilt jævlig å vere narkoman. Det er eit konstant jag etter å få tak i narkotika, seier Børre (42).

Han har mista fleire av sine næraste vener på grunn av overdose, og han har sjølv vore døden nær fleire gonger.

Hittil i år har han mista to av venene sine på grunn av heroinoverdose. Denne veka døydde endå ein kjenning av narkotika. Kameraten var trøytt og sliten, etter eit langt liv i rus og elende.

Dei narkomane sølve meiner miljøet har blitt hardare i byen med knappe 11.000 innbyggjarar.

Vi har følgt miljøet, og fått innpass i skuggesida i eit lite lokalsamfunn. Her er rusen blitt eit problem, og det vil bli verre om trenden held fram. Det meiner i alle fall dei som lever midt oppe i det.

Det mange narkomane her i Florø. Eg trur det er mange av oss i forhold til innbyggjartalet. Miljøet har blitt tøft. Folk brukar våpen, vald og trugsmål. Eg trur det er eit tidsspørsmål før det skjer eit drap her.

Jon (35)

Børre står fram med sitt eigentlege namn. Men dei andre rusmisbrukarane i denne artikkelen har fått fiktive namn. Dei vil ikkje stå fram med omsyn til familien.

Markant utvikling i distrikta

Frå 1999 til 2009 har over 3200 rusmisbrukarar døydd som følgje av overdose i Norge. Samanlikna med andre europeiske land ligg Norge heilt i toppen på statistikken over overdosedødsfall i befolkinga.

Tidlegare var overdoser noko som nesten berre skjedde i Oslo, men i løpet av dei siste 30 åra har trenden snudd.

Ifølgje Statens institutt for rusmiddelforsking (Sirus) har det vore ei markant utvikling i overdosedødstala i distrikta, og i dag skjer storparten av overdosane utanfor hovudstaden.

– Veksten i overdosedødsfalla har vore størst utanfor Oslo. Tidlegare var det vanleg å reise til dei store byane for å få tak i stoff, men no får ein tak i det ein treng i distrikta. Tilgangen er enorm, seier forskar Ellen Amundsen ved Sirus.

Amundsen har doktorgrad, og er spesialist innan narkotika- og sprøytemisbruk.

– Miljøet har blitt svært omfattande, og utviklinga er veldig alvorleg. Det kjem til å bli verre i distrikta dersom fleire sike miljø får fotfeste. Det blir katastrofalt om dette held fram, seier Amundsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Børre (42)

TØFT LIV: Børre (42) har vore narkoman sidan har var ungdom, og har mist fleire av sine næraste vener på grunn av rusen.

Foto: Simon Solheim / NRK

42 år gamle Børre vil stå fram og fortelje om korleis det er å vere narkoman og korleis det er å miste dei næraste. For han er det viktig å gje rusen ein ansikt.

– Eg har ingenting å tape. Klarer eg å skremme ein person frå dette miljøet, så er det nok for meg. Eg unner ingen å bli som meg, seier han.

Børre: – Eg har mista ni vener det siste året

Det er tysdag morgon i kystbyen Florø. Dagen har starta for dei som er på jobb, men dagen har også starta for dei narkomane i vestlandsbyen. No startar jakta etter dagens rus.

Børre set seg på sengekanten i den vesle leilegheita si litt utanfor sjølve sentrum av Florø.

Han finn fram ei sprøyte, og legg ein liten pose med amfetamin på bordet. I tillegg finn han fram ein liten tube flytande Subutex som han har kjøpt ulovleg. Han blandar dagens første skot på eit lite bord ved senga.

– Eg er i grunn ganske flau over å vere narkoman. Det er flaut å vere avhengig av narkotika. Men eg klarer meg ikkje utan, seier han oppgitt.

Vindauget står på gløtt og sola lyser sterkt inn på soverommet.

På utsida høyrer vi barneleik, og på fortauet rett utanfor går ei ung mor med barnevogn forbi. Ho veit lite om kva som føregår i leilegheita nokre meter unna.

Børre venter alltid til folk har gått forbi før han set sprøyta i blodåra. Barneleiken utanfor står i sterk kontrast til det som skjer på soverommet.

42-åringen har brukt narkotika sidan han var ungdom, men heroinmisbruket har han lagt på hylla. Han har ikkje brukt herion på fem år. Heldigvis, for heroin gjer meir skade enn det gjer godt, seier han.

– Dei siste åra har eg mista ni vener på grunn av narkotika. Det er altfor mange. Ja, uff! Det er heilt forferdeleg. Eg skjemst over det, og eg har felt mange tårer, seier Børre og ristar forsiktig på hovudet.

Han ser ned i gulvet og sukkar oppgitt.

– Eg forstår ikkje kvifor dei ikkje kan vente 20 sekund med å trykkje inn resten av heroinen, slik at vi ikkje hadde trengt å sitje igjen her åleine. Fleire ungar har mista foreldra sine, og eg har mista gode vener. Det er rett og slett tragisk, seier han.

Børre får Subutex frå legen, men mannen på 150 kilo seier han får like mykje Subutex som ei jente på 50 kilo. Difor brukar han narkotika på sida av Subutexen han får lovleg. Han gjer det ikkje for å ruse seg, men for å fungere normalt, seier han.

(Artikkelen held fram under boksen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Børre høyrer alltid på musikk når han brukar narkotika. Det gjer han også i dag. Stereoanlegget står på eit bord i hjørnet, rett ved sida av senga.

Han finn fram eit belte og strammar det godt rundt armen. Musikken spelar i bakgrunnen. Børre set sprøyta i armen, og pressar innhaldet inn i kroppen.

Han legg seg bakover i senga. Han har augene igjen. Han blir stille. Etter nokre minutt reiser han seg opp igjen. Dagens første skot fungerte.

Blir vande med at folk dør

Narkomane Kari (34) i Florø

KARI: Narkomane Kari (34) brukar ikkje lenger heroin. Ho vil ikkje stå fram med namn og bilete.

Foto: Simon Solheim / NRK

Utanfor Amfi-senteret i Florø sentrum pleier dei narkomane å treffast dagleg. På ein benk sit tre av byens narkomane med kvar sin milkshake i handa. Dei nyt livet akkurat no, men det er ikkje alltid slik.

Dei lever med skam og sorg. I dette miljøet døyr folk heile tida, over heile landet. Det døyr fleire menneske av overdose i året, enn det gjer i trafikken i Norge.

– Det er mange som har døydd av overdose her i byen dei siste ti-tolv åra. Florø er ein liten by, og når eg tenkjer på alle som har døydd, er det skremmande, seier Kari (35).

Dei fleste trur narkotikamiljøet er langt hardare i storbyane enn i distrikta. Men dei narkomane sjølve seier miljøet har blitt mykje verre dei siste åra. Her er miljøet meir skjerma og oversett, men på små stader som dette er det gjerne fleire øydelagde og fortvilte familiar. I distrikta veit alle kven alle er.

Kari har brukt narkotika sidan ho var 13 år gamal, og har vore innom alt frå hasj til heroin. Ho vil ikkje stå fram med namn og bilete. Ho vil skjerme familien og ungane ho er tante til. For ho er det flaut å vere narkoman, og ho er lei seg for all sorg og liding ho har påført familien.

No får ho Subutex av legen kvar einaste dag, og ho seier ho har halde seg unna narkotika dei siste fire vekene. Ho har gått på heroin i fem år, og har sjølv tatt overdose fire gonger. Ho har opplevd å miste dei næraste venene ho hadde:

– Etter kvart blir ein vand med at folk døyr. Det er stygt å sei det, men det er så mange rundt meg som har døydd i det siste, at det har blitt ei vane. Det er ganske forferdeleg å sitje i gravferd og sjå familien til venene mine, seier Kari.

Ein politipatrulje køyrer forbi, og dei to polititenestemennene stirrer mot benken utanfor kjøpesenteret. Dei held miljøet under oppsikt, men likevel er det mykje narkotika omløp, sjølv om byen er liten og oversiktleg. Det er mykje som skjer som politiet aldri får med seg.

– Eg kan få tak i narkotika på flekken. Det tek meg fem minutt å skaffe det eg vil. Her i byen er det faktisk lettare å få tak i amfetamin enn hasj, men det har blitt mindre og mindre heroin her, heldigvis. Det er eit dritstoff som tek liv, seier Atle (50).

Rykkjer ut til overdoser dagleg

For ambulansearbeidarane er overdoser daglegdags. Kring om i landet rykkjer helsevesenet ut til overdoser fleire gonger kvar einaste dag.

Jon Ellingsund, konstituert områdeleiar i ambulansetenesta i Helse Førde, har vore på fleire overdoseutrykkingar sidan han starta i 2004. I Sogn og Fjordane har ikkje helsevesenet gode tal for slike utrykkingar, men Ellingsund seier talet i Florø ligg på mellom fem og ti oppdrag i året. Det er mykje for ein liten by.

– Det gjer godt når vi får gitt motgift, for det er ganske effektivt. Men av og til klarer vi ikkje å berge livet. Det er ei stor belasting for oss når eit ungt menneske døyr av overdose. Det er ikkje kjekt for nokon, seier Ellingsund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Ellingsund, konstituert områdeleiar i ambulansetenesta i Helse Førde

RYKKJER UT: Jon Ellingsund er områdeleiar i ambulansetenesta i Helse Førde. Han har mellom anna ansvar for stasjonen i Florø. Der rykkjer dei ut mellom fem og ti gonger til overdoser i året.

Foto: Simon Solheim / NRK

NRK.no har vore i kontakt med fleire helseføretak, og mange brukar mykje tid og ressursar på å rykkje ut til overdoser. Berre i Bergen vart det sendt ut ambulanse rundt 400 gonger til slike hendingar i fjor.

I Helse Finnmark rykte ambulansetenesta ut til 14 tilfelle i 2009 og 20 tilfelle i 2010. I år er talet allereie oppe i elleve overdoseutrykkingar.

Seksjonsoverlege Guttorm Brattebø ved Akuttmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen seier det er mange som tar overdose, men at det er eit fåtal av desse som døyr. I fjor døydde 20 personar av overdose i Hordaland politidistrikt.

Sjølv om talet overdoser er langt høgare enn talet på overdosedødsfall, ligg Norge på toppen av overdosestatistikken i Europa.

– Ambulansetenesta har redda mange liv. Men dei narkomane er også flinke. Dei gir ofte livredning til ambulansen er framme. Når vi får gitt motgift, er dei vakne igjen i løpet av kort tid. Det er nesten ein form for tryllemedisin, seier Brattebø til NRK.no.

Vi blir utsette for trugsmål av og til, men det går som regel greitt. Overdoseutrykkingar er ofte veldig krevjande oppdrag med mykje uro. Dei fleste blir ikkje akkurat blide når vi tek ifrå dei rusen. Stort sett handterer vi desse oppdraga utan bistand frå politiet. Det har med tillit mellom oss og dei i miljøet å gjere.

Atle Haugen, assisterande ambulansesjef ved Stavanger universitetssjukehus

I Stavanger hadde ambulansetenesta 54 overdoseutrykkingar i 2010. Rekorden var i 2002, for då vart det sendt ut ambulanse 101 gonger til slike hendingar.

I Trondheim tok 48 personar overdose i fjor. I Oslo er talet overdosedødsfall halvert i perioden 1998 til 2008. Men det samla talet for heile landet har vore stabilt i den same perioden.

Ellem Amundsen i Sirus meiner auka satsing på hjelpetiltak i Oslo kan vere ei av forklaringane på nedgangen i hovudstaden.

– Det er belastande for helsevesenet

Lege og forskar Knut Erik Hovda ved Ullevål universitetssjukehus i Oslo er ein av landets fremste ekspertar på overdoser. Han opplever narkotikaproblematikken som ei belasting for helsevesenet.

– Det er eit omfattande problem, og det er stort og aukande. Det er meir vanleg å blande fleire typer narkotika, seier Hovda.

Ullevål tek ofte imot narkomane pasientar frå andre sjukehus, fordi dei har fått så omfattande skader at dei ikkje kan behandlast andre stader.

– Eg trur ikkje vi blir kvitt narkotikaproblemet, for det er for mykje pengar i det. Den kampen har vi tapt. Men vi må få på plass eit tyngre samarbeid mellom politi og helsevesen. Narkotika har blitt eit altfor stort problem, seier Hovda til NRK.no.

Frykten for å dø av overdose er mindre enn frykten for å ta for lite heroin.

Per (45)
Narkotika i Florø - amfetamin på vekt

AMFETAMIN: Det er mykje narkotika i omløp, også i den vesle byen Florø.

Foto: Simon Solheim / NRK

Kari: – Heilt tydeleg at det har blitt verre

I Florø er fleire av dei narkomane i sorg etter å ha mista vener dei siste åra. Dei har blitt nøydde til å akseptere at folk går bort.

Men likevel går livet vidare, og jakta etter rusen held fram som vanleg. Mange har levd på gata, og mange har opplevd narkotikamiljøet i dei største byane i landet.

No er dei skremde over utviklinga i distrikta, og i Florø hevdar dei at miljøet er ekstra urovekkjande.

– Det er skremmande at så mange unge folk byrjar å bruke stoff, og det verste er at dei byrjar rett på hardare stoff her i byen. Det går ikkje lenger i hasj som det gjorde når eg var ung. Det blir meir og meir narkotika på små plassar, seier Kari.

– Eg veit ikkje kva som er grunnen til det, men det er heilt tydeleg at det har blitt verre. Utviklinga er skremmande, seier Kari.

Høyr 34 år gamle Kari fortelje om narkotikadød, heroin og narkotikabyen Florø:

I stova heime sit Børre og ein kamerat og pratar. Dei har mange historier på lager, for dei har opplevd mykje gjennom lange liv med narkotikamisbruk.

– Sjølv har eg tatt overdose 15 gonger. Det er heilt gale. Hadde eg ikkje fått hjelp av folk rundt meg, hadde eg også vore død no, seier Børre.

Han har i det siste fått meir kontroll på livet sitt. Han har kjøpt seg leilegheit, han rusar seg mindre enn før og han har ambisjonar for framtida.

– Drøymen har alltid vore å bli lastebilsjåfør. Fokuset framover er å bli rusfri, for eg vil ikkje dø av narkotika eg også, seier Børre.

Statistikk: Overdøsedødsfall i Norge

Narkotikastatistikk

 

1996

1997

1998

1999

2000

2001

2002

Østfold

6

11

12

14

27

30

16

Akershus

21

31

41

31

28

26

30

Oslo

85

73

112

83

105

107

78

Hedmark

1

6

5

5

9

16

14

Oppland

1

2

5

5

14

5

8

Buskerud

17

16

17

20

28

38

26

Vestfold

13

5

7

17

20

24

7

Telemark

5

12

11

11

13

16

18

Aust-Agder

2

2

3

4

4

8

8

Vest-Agder

5

4

5

5

17

9

17

Rogaland

11

7

20

16

27

44

25

Hordaland

16

10

22

24

43

28

28

Sogn og Fjordane

0

1

0

1

0

5

2

Møre og Romsdal

2

1

3

 

10

9

9

Sør-Trøndelag

11

6

9

7

13

9

7

Nord-Trøndelag

0

0

2

3

3

5

3

Nordland

3

5

5

5

8

13

5

Troms

3

2

3

1

4

7

5

Finnmark

2

0

0

0

1

6

1

Totalt

204

194

282

252

374

405

307

 

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

Østfold

18

24

15

18

18

24

30

Akershus

33

32

25

29

30

23

25

Oslo

47

86

56

64

41

65

66

Hedmark

10

11

0

12

7

8

7

Oppland

8

9

8

8

9

10

8

Buskerud

13

28

20

20

17

14

17

Vestfold

9

8

9

8

12

12

11

Telemark

18

11

8

4

8

12

18

Aust-Agder

3

4

4

1

3

5

7

Vest-Agder

11

6

7

6

9

4

7

Rogaland

40

31

23

20

25

22

20

Hordaland

23

22

29

31

36

29

34

Sogn og Fjordane

1

4

0

1

9

0

3

Møre og Romsdal

8

7

8

7

12

7

2

Sør-Trøndelag

7

9

6

7

14

14

11

Nord-Trøndelag

0

2

6

3

4

2

5

Nordland

1

8

5

6

11

5

6

Troms

5

1

4

3

7

5

5

Finnmark

0

0

1

3

3

2

3

Totalt

255

303

234

251

275

263

285

Ekspander/minimer faktaboks

Tala er frå Statistisk sentralbyrå. Ifølgje Sirus er tala usikre, og det er truleg store mørketal.