Hopp til innhold

Bot for usikra våpen.

Ein sogning i 50-åra har vedteke ei bot på 10.000 kroner etter at politiet fann fleire usikra våpen i heimen hans i mars i fjor. Mellom anna hadde han seks rifler og tre hagler i eit ulåst skåp. Oppå skåpet låg ammunisjonen. Eitt våpen var ladd. I tillegg hadde mannen to våpen utanfor skåpet, som vart levert til politiet.