Hopp til innhold

Brannsjefen i Lærdal: – Nesten ingen, små eller store, kunne planlagd noko slikt

– Dei fleste brannkorps i Norge, både små og store, ville ha hatt problem med å laga ein god leiingsstrategi tidleg i denne brannen, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Lærdal og Aurland.

Det lokale brannvesenet får skarp kritikk etter brannane i Lærdal og Gudvangatunnelen. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner dei ikkje var organisert for leia og handtera det heile. Men konklusjonen til direktoratet møter motstand i Lærdal.

SJÅ VIDEO: Brannsjefen i Lærdal og Årdal, Gaute Johnsgaard, svarar på kritikken frå DSB.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i to rapportar i dag kome med kritikk mot det lokale brannvesenet sin innsats i brannane i Gudvangatunnelen, Lærdal, Frøya og Flatanger.

Mykje av kritikken går på korleis sløkkingsarbeidet vart leia.

– Ser ikkje på rapporten som kritisk

Det var natt til 19. januar i år at 40 bygningar i Lærdal brann ned. Over 100 brannfolk frå 12 brannkorps, 150 personar frå Sivilforsvaret og frivillige kjempa heile natta mot flammane som spreidde seg veldig raskt i den sterke vinden.

– Eg ser ikkje på denne rapporten som spesielt kritisk frå DSB. Dei har sett på brannane og det arbeidet som vart gjort, og så har dei kome med nokre evalueringar og påpeikt nokre forbetringspunkt. Det skal me ta til oss, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Lærdal og Aurland.

– Oppfattar du det som urettferdig at de får så mykje kritikk?

Gaute Johnsgaard

BRANNSJEF I LÆRDAL OG ÅRDAL: Gaute Johnsgaard.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Nei, eg oppfattar det ikkje som urettferdig, seier han, og held fram:

– Brannen i Lærdal var heilt ekstrem. Det er den største brannen i Norge sidan 1923. Det var heilt ekstreme forhold, og den innsatsen som vart gjort var formidabel, og det er den som gjer det at gamle Lærdalsøyri framleis er der. Det kan ikkje DSB kritisera. Dei har påpeika nokre forbetringspunkt, og det skal me ta til oss og gjera betre.

Leiinga skal sentraliserast – ikkje beredskapen

DSB vil leggja ned halvparten av alarmsentralane i landet, og sentralen i Florø er blant dei som er foreslått lagde ned.

 Anne Rygh Pedersen

– MÅ BLI BETRE: Det meiner Anne Rygh Pedersen i DSB.

Foto: DSB / privat

– I nokon av kommunane i Norge er brannsjefen berre tilsett i ein liten prosentstilling. Då seier det seg sjølv at ein ikkje klarer å skaffa seg erfaring som gjer at ein blir god på å handtera store og komplekse hendingar, og har eit tilstrekkeleg støtteapparat rundt seg for å gjera det på ein god strategisk måte, seier Anne Rygh Pedersen, fungerande direktør i DSB.

Men ho er klår på at brannbilane og mannskapa skal bli verande ute i kommunane, og at det er leiarane som skal sentraliserast.

– Lokalberedskapen er ekstremt viktig, og det såg me i desse brannane. Det var innsatsvilje, engasjement og stå på-vilje frå alle involverte, som nesten saknar sidestykke, og de må me ta vare på. Men me har eit behov for å profesjonalisere eit leiarapparat som er i stand til å løysa dei stadig meir komplekse klimautfordringane og vêret me får framover, seier ho.

– Trur alle hadde slite med denne brannen

Johnsgaard, brannsjefen i Lærdal og Årdal, trur ikkje sentraliserte leiarar hadde endra noko i Lærdal den natta.

– Dette var ein heilt ekstrem situasjon, og det er alltid utfordrande å leia store brannar. Brannen var av ein slik karakter at det er vanskeleg å laga ein god strategi på dette, og eg vil tru at dei fleste brannkorps i Norge i dag, både små og store, hadde hatt problem med å laga ein god leiarstrategi tidleg i denne brannen.

– Kunne ein vore organisert på eit betre vis?

– Ein må tenkja på at det er i Distrikts-Norge, det er deltidsmannskap, at det skjer ein laurdag kveld og at me skal ha ut store mannskap. Eg trur ikkje dette kunne blitt gjort på ein annan måte enn det som vart gjort, seier han.

I rapporten har dei sjølve kome med tilbakemeldingar på korleis dei opplevde situasjonen. Der skriv dei blant anna at dei ikkje var dimensjonerte til ei slik hending.

– Nei, det er me ikkje. Men dei som har sett det på film eller var i Lærdal og opplevde brannen, dei er nok av den oppfatning at dette var ekstremt. Me kan ikkje bruka denne brannen som dimensjonerande for brannkorps i Distrikts-Norge.

– Må også sjå på kommunestrukturen

– Ein av konklusjonane i rapporten er at det er større brannkorps som er løysinga. Er du samd i det?

– Om det er den beste løysinga, det kan godt hende. Men det kan også vera at det er andre løysingar som er like gode. Det er noko ein må finna ut etter kvart.

– Du tek det ikkje for god fisk at det er den beste løysinga?

– Nei

– Kva kan vera andre gode løysingar?

– Eg trur at ein må sjå på kva som er i ferd med å skje i Kommune-Norge, og kva endringar det blir i kommunestrukturane, før ein kan seia noko om det.