Hopp til innhold

Braut seg inn og stal smykker

Natt til laurdag tok ein person seg inn i eit hus og stal smykker. Politiet karakteriserer tjuveriet som grovt. Det var ikkje folk i huset då innbrotet skjedde. Politiet var i går på staden og gjorde undersøkingar. Dei ønskjer opplysningar frå publikum som eventuelt veit noko.