Hopp til innhold

Butikkinnbrot i Førde

Fleire mobiltelefonar er stolne frå ein telebutikk ved Førde Torge, Elvegården. Innbrotet vart oppdaga måndag morgon, men det er uklart når innbrotet fann stad. – Vi veit ikkje korleis dei har kome seg inn i bygget, men dei har skore seg gjennom gipsplater for å ta seg inn i butikken, opplyser Inge Værøy ved Politiets Operasjonssentral. Det er førebels uklart kor mange mobilar som er stolne.