Hopp til innhold

Langt færre køyrer for fort i verdas lengste tunnel

Langt fleire har fått fartsbøter etter innføringa av snittmålar i Lærdalstunnelen.

Gjennomsnittsmåling i Lærdalstunnelen

REDUKSJON: Farten er blitt langt lågare gjennom Lærdalstunnelen etter at snittmålinga tok til for fire månader sidan.

Foto: Jon A. Lien / Statens vegvesen

Det har vore kraftig nedgang i tal bilistar som grisekøyrer gjennom Lærdalstunnelen.

For dei fire månadene det har vore snittmåling, har 37 prosent færre fått fartsbot, samanlikna med same periode i fjor.

– Tiltak som dette kan redde liv. Vi veit at tal ulukker går kraftig nedover ved å senke farten, seier ein godt nøgd Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Skjerpar førarane

Audun Heggestad

NØGD: Audun Heggestad.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Heggestad trur snittmålaren skjerpar merksemda kraftig hos bilførarane. Farten til bilistane blir målt gjennom ei heil strekke, kontra målt på einskilde punkt.

Dette meiner Heggestad gjer det tryggare å køyre gjennom tunnelen.

– Eg veit sjølv at eg har vore veldig nøyen med å halde fartsgrensa der. Uansett så gir det ei veldig skjerping av farten, at du også kanskje får vinst også andre stader. Det er eit tydeleg teikn på at maks fartsgrense er det du kan ha, seier han.

Vil komme fleire

I dag er det snittmåling med fotoboksar 14 stadar i Norge. Ofte på vegstrekkjer der det er høg risiko for ulukker, som til dømes i tunnelar. Tal frå Statens vegvesen viser at slike kontrollar reduserer snittfarten med ni km/t og gir ein stor ulukkesreduksjon.

Politiinspektør Jan Guttormsen seier det vil komme fleire snittmålarar i framtida.

– Ja, det vil vi nok. Hovudsakleg der skadepotensialet er størst om uhellet først er ute, seier han.