Hopp til innhold

Denne kolossen dobla folketalet

OLDEN (NRK): Tysdag morgon kom det aller første cruiseskipet til Olden denne sesongen. Då «Britannia» med over 4300 passasjerar ankra opp på hamna, auka folketalet i Stryn nesten til det doble.

Britannia
Foto: Silje Guddal / NRK

Nordfjordbygda synte seg frå si aller beste side då dei første cruiseturistane i dag kom til Olden. Snøkledde fjell, bada i sol, spegla seg i den blanke fjorden. På land stod forventingsfulle representantar frå reiselivsnæringa.

– I tillegg til at det er eit fantastisk skip, er det ei fantastisk bygd og ein flott dag. No berre gler vi oss, seier Bjørg Næss i Geiranger og Nordfjord Cruise Handling.

Første vitjing i fylket

«Britannia» vart døypt i Southampton 10. mars i år, og gudmora var ingen ringare enn dronning Elizabeth II. No er skipet frå P & O Cruises ute på sitt første tokt. Skipet er 330 meter langt og har 15 passasjerdekk. Det er plass til 4324 passasjerar, i tillegg er det eit mannskap på 1398.

Den aller første vitjinga i Sogn og Fjordane blir altså i Olden før den skal vidare til Flåm i morgon.

Har mange tilbod

I Olden får turistane tilbod om turar til Briksdalen, Kjenndalen, Nasjonalparksenteret og å køyre panoramavegen i Nordfjord. Men ikkje alle har bestilt på førehand, og då hamnar dei hjå Joar Strand som også står klar på kaien i dag.

– Det er godt å kome i gang med sommaren no, det har vore ein lang vinter, seier Strand.

Strand formidlar alt frå leigebilar, syklar og Segway til dei som vil sjå seg om.

– Vi har bra etterspurnad, folk vil ut i naturen.