Hopp til innhold

Difor skal du ikkje brenne gamle hoppeslott og barnevogner på jonsokbålet

Dei skulle bruke ettermiddagen i bølgene på Stad. I staden brukte dei timar på å plukke farleg søppel ut av eit jonsokbål.

Jonsokbål i Ervika

SØPPELSURF: Ole Steffensen, Celine Clausen og dei andre surfarane bytta ut bølger med søppel jonsokaftan. Dei håpar det ikkje blir søppel å sjå på bålet til neste år, når dei har forklart kvifor det er farleg.

Foto: Celine Clausen / privat

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Vi såg bålet stod midt på stranda, med mange ting som ikkje høyrer heime i eit bål. Det var hoppeslott, ei barnevogn og posar med klede, fortel Celine Clausen.

Dei fem surfarane brukte to timar på å reinse bålet for ting som ikkje skal brennast.

For Marianne Holen som har jobba over 10 år med gjenvinning, er det ikkje kjekt å høyre.

– Det er jo heilt forferdeleg. Desse tinga skal ikkje på bålet fordi dei kan innehalde miljøgifter. Det kan vere skadeleg for dyr, menneske og naturen, fortel Holen.

I kveld fyres det opp sankthansbål og jonsokbål på holmar og skjær over heile landet.

Derfor er det skadeleg

Det er ulovleg å brenne anna enn tørt og reint trevirke på jonsokbålet. Det er fordi andre stoff kan skape farlege gassar når dei brenn.

Det kan til dømes vere gjenstandar av plast, isopor, stoff eller anna.

– Røyken kan innehalde farlege stoff som vi pustar inn. Det er ofte både vaksne og barn rundt bålet, og det er viktig at dei ikkje blir utsett for giftig røyk, seier Marianne Holen.

Det kan også falle ned restar av avfallet, som blir verande i naturen. Det tar veldig lang tid før miljøgifter blir brotne ned, og forskerane er redde for kva dei gjer med kroppen når vi får det i oss.

jonsokbål i ervik

STRAND: Det som blir liggande att når bålet er brent opp kan ende opp i havet. Plast og anna avfall kan sleppe ut miljøgifter som er farlege for menneske og dyr når vi får det i kroppen, enten gjennom mat eller miljøet rundt oss.

Foto: Celine Clausen / privat

Kva gjer du om du ser søppel på bålet (før det er tent på)

– Vi vart sinte for at folk dumpar søppelet sitt her. For eksempel fann vi ei panteflaske, og det gir ingen meining å brenne den når den kan gjennvinnes og ha evig liv, seier Clausen.

Surfarane på Stadt ringde kommunen for å finne ut kven som hadde ansvaret.

– Vi har teke kontakt med laget som har ansvaret for bålet. Men det er vanskeleg å vite akkurat kven som har lagt søppelet der, seier Kristian Nave frå selje kommune.

Kommunen har sagt dei vil betale det kostar å levere søppelet til gjenvinningsstasjonen, men at dei truleg ikkje vil anmelde tilhøvet.

Mariann Holen

AVFALLSENGASJERT: Marianne Holen har jobba 11 år med gjenvinning. No jobbar ho med renovasjon i Drammensregionen, og har vore aktiv med å informere folk om kva som kan på jonsokbålet og ikkje.

Foto: RfD

Å ta kontakt med kommunen var lurt, seier Marianne Holen.

– Kommunen veit nok kva som er riktig instans for å handtere søppelet. Det lokale gjenvinningsselskapet kan også vite det. Og brannvesenet har ofte god informasjon om kva du kan brenne på bålet, seier Holen.

På Stad tok surfarane sjølv jobben med opprydninga, sidan dei som har lagt søppelet der ikkje har meldt seg.

– Vi håpar folk berre ikkje veit betre. Og til neste år håpar vi det ikkje er plast å sjå på bålet, seier Clausen.