Hopp til innhold

Dømd for narkotikakriminalitet.

Ein mann i 20-åra er i Fjordane Tingrett dømd til 36 dagar i fengsel og 8000 kroner i bot for å ha kjøpt og brukt hasj og kokain. Retten fann det skjerpande at mengda med narkotika var så stor at det var fare for spreiing. Men retten meiner det er formildande at mannen har tilstått utan atterhald. Fengselsstraffa vert på vilkår, med ei prøvetid på to år.