Hopp til innhold

Dyrka cannabis heime

Ein sogning i 30-åra må betale 7.000 kroner i bot og sitje 30 dagar i fengsel, og ytterlegare 45 dagar til om han ikkje held seg lovlydig dei neste åra. Mannen har både kjøpt, brukt og oppevart hasj. I heimen fann politiet også både cannabisplantar og ei rifle han ikkje hadde løyve på.