Hopp til innhold

Denne læraren brukte finvêret til å gjere noko litt utanom det vanlege...

Nokre av elevane ved Øyrane vidaregåande skule fekk i dag ein uvanleg skuledag då læraren overraska dei med ei luftig undervisning.

Flytur over Bringeland

FLYTUR: Elevane fekk ein flytur i området rundt Førde lufthamn, Bringeland. Video frå flyturen kan du sjå her. (Foto: Silje Bjerknes).

– Det var veldig morosamt. Mykje kjekkare enn å sitte inne på skulen heile dagen. Kjempegøy!

Elevar Øyrane vgs

VELDIG MOROSAMT: Frå venstre Ronny Hansen, Signe Schroll, Sebastian Jasinski og Steffen Refsvik.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Elevane ved VG2-lina Transport og logistikk ved Øyrane vidaregåande skule i Førde i Sogn og Fjordane var godt nøgde med dagens timeplan.

Luftig undervisning

Elevane fekk ein skuledag utanom det vanlege då læraren valde å ta dei med på ein flytur i området rundt Førde lufthamn, Bringeland.

Reidar Svalheim

PILOT OG LÆRAR: Reidar Svalheim tok på seg rolla som lærar og pilot under dagens flygetur.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det var så fint vêr i dag at vi måtte lufte elevane litt i staden for å sitte inne i klasserommet heile dagen, seier Reidar Svalheim.

Svalheim er til vanleg lærar for elevane på Øyrane vidaregåande skule, men tok i dag på seg rolla som pilot.

Strålande sol, blå himmel og svak vind skapte fine flygeforhold på Bringeland, og Svalheim bestemte seg difor å nytte anledninga til å gi elevane ein smakebit i finvêret.

– Eg tok sertifikat på mikrofly i haust. Etter det har dei spurt meg fleire gonger om vi ikkje kan ta ein tur. I dag er jo vêret kjempefint så då passar det perfekt!

Alle fekk prøve

– Eg henta den første eleven på Øyrane. Då landa eg på marka ved skulen, og flaug han så opp på Bringeland. Men for tryggleiken si skuld er det best å vere her oppe på Bringeland, seier Svalheim.

Det oransje mikroflyet er utstyrt med to seter, så det var berre éin og éin elev som fekk prøve i gongen. Og alle elevane skulle få prøve. Kvar elev fekk ein tur på omtrent ti minutt i området rundt Førde lufthamn, Bringeland.

– Det tek litt tid ettersom det berre går éin i gongen, men eg håpar dei synest det er morosamt, og verdt ventetida, seier Svalheim.

Følte seg trygg

elevar Øyrane vgs

FØLTE SEG TRYGGE: Frå venstre Steffen Refsvik, Reidar Svalheim, Sebastian Jasinski og Arnfinn Øyra.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Utover dagen tok vinden seg litt meir opp, noko som medførte ein litt meir humpete flygetur for elevane.

– Det blir litt humpete, men det går fint, seier ein blid Svalheim.

Arnfinn Øyra var den siste eleven som fekk bli med opp i lufta. Å sveve over bakken gav meirsmak.

– Det var veldig kjekt. Eg veit ikkje kor mange andre som har ein lærar som tek dei med på flygetur, seier Øyra.

Øyra hadde full tillit til læraren som pilot.

– Ja, eg føler meg trygg når han sit bak spakane, seier ein lattermild Øyra og ser bort på læraren.

Mikrofly

FLYET: Det oransje mikroflyet hadde plass til to personar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK