Hopp til innhold

– Alle modellane seier det same, vi kjem til å få ein mildare og våtare vinter enn vanleg

Seks leiande senter for vêrdata i verda er samde: Det blir ein våt, vindfull og mild vinter i Noreg og heile Nord-Europa.

Ulike vêrobservasjonar for vinteren 2019 / 2020.

VARMT OG VÅTT: Den eine modellen syner at Noreg blir liggande i eit område der snittemperaturen vil liggje over to plussgrader i vinter.

Foto: https://www.cicero.oslo.no/

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ei samanstilling av prognosane for vêret frå november til januar syner uvanleg nok eit temmeleg likt sesongvarsel.

– Alle modellane seier det same, vi kjem til å få ein mildare og våtare vinter enn vanleg, seier seniorforskar ved Cicero i Oslo, Nathalie Schaller til NRK.

Ho er tydeleg på å presisere at dette handlar om vêret vi har i vente, ikkje om dei verkeleg store spørsmåla om klimaendringar og grademål.

– Ulike vêrsystem ser ut til å møtes over Nord-Atlanteren. Det fører til at jetstraumane har kurs rett for Nord-Europa, som igjen fører med seg stormar og uvêr, seier Schaller.

Det spesielle denne gongen er at sesongvarsla frå vêrsenter i USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland er så like i sine vurderingar.

– Slike sesongvarsel er ofte lite relevante i sommarhalvåret, men for vinteren gir dei sterke signal om korleis vêret blir. Alle modellane viser at Nord-Europa vil få ein mildare og våtare vinter enn vanleg. Vi stolar på resultatet av desse prognosane, seier Schaller.

Seniorforskar ved Cicero, Nathalie Schaller.

FORSKAR: Nathalie Schaller jobbar som klimaforskar ved Cicero i Bergen.

Foto: MARI AFTRET MØRTVEDT / Cicero

Har slått til før

Men korleis vil då dette bli for dei som gler seg til ein langt betre skisesong enn i fjor? Då kom ikkje snøen mange stader før langt utpå vinteren.

– Sesongvarselet er meir eitt snitt for heile vinteren, så når snøen kjem er vanskeleg å seie. Men meir nedbør kan føre til ein svært bra skivinter, seier forskaren som har sett på dei samanstilte vêrmodellane.

Ho nemner vinteren 2009/2010 som døme på korleis slike sesongvarsel stemmer godt. Den vinteren var det beinkaldt i Noreg, men også i andre deler av Nord-Europa som til dømes i England. Det hadde også prognosen synt på førehand.

Mildare temperaturar denne vinteren kan også føre til at til dømes Oslo-området vil oppleve at nedbør frys til klink is på natta, som igjen smeltar på dagtid.

– Då kan vi få eit salig rot av is om natta og sørpe på dagtid, fortel forskaren.

Reknar seg fram

Korleis reknar så meteorologane og klimatologane seg fram til slike langtidsprognosar for vêret? Blant anna brukar dei den såkalla NAO-indeksen (Nord-Atlantiske svingingar).

Den kjem dei fram til ved å rekne på trykket på havnivå mellom ein vêrstasjon på Island, og ein på den portugisiske øygruppa Azorene.

– Dersom NAO er positiv, går jetstraumen i atmosfæren direkte mot Nord-Europa, noko som gir varmare og våtare vêr, medan Sør-Europa opplever kjøligare og tørrare forhold, skriv Nathalie Schaller i ein artikkel på Cicero si nettside.

Vinter

KALD VINTER: Vinteren 2009 var svært kald i Nord-Europa. Det kunne dei sjå på prognosane på førehand. Her frå Finnmark den vinteren.

Foto: Monica Mikalsen/DNT