Hopp til innhold

Magny og Anders var gifte i 65 år – døydde med nokre timars mellomrom

I 1949 gav Magny og Anders kvarandre sitt ja til døden skulle skilje dei. 65 år seinare gjekk dei ut av tida, med nokre timars mellomrom.

Held lag heilt til det siste

HELDT LAG: Ekteparet Magny og Anders Røneid heldt lag heilt til siste slutt. Til høgre den rørande dødsannonsa som denne veka stod på trykk i lokalavisene.

Foto: privat

Det at dei fekk vere saman, var det som betydde noko for dei.

Helene Røneid Bank, barnebarn

– Det må kunne seiast å vere ein fin måte å gå bort på, seier barnebarnet Helene Røneid Bank til NRK.no.

Om morgonen fredag 17. oktober sovna Anders Røneid stille inn på Kyrkjebø sjukeheim. Midt på dagen, laurdag 18. oktober følgde kona Magny etter ektemannen. Også ho på Kyrkjebø sjukeheim.

Det sette verdig punktum for eit livslangt kjærleiksforhold. Eit forhold mellom to menneske som bevarte dei sterke kjenslene for kvarandre til siste slutt. Berre månader etter at dei kunne markere kronjuvelbryllup etter 65 år som mann og kone.

Det var dei to

– Dei hadde nok sine diskusjonar dei også, men ein merka at med ein gong dei var frå kvarandre så slutta dei delvis å eksistere begge to. Det at dei fekk vere saman, var det som betydde noko for dei, fortel barnebarnet.

I lokalavisene Ytre Sogn og Sogn Avis delte ekteparet denne veka dødsannonse:

«Den 25. juni 1949 lovde dere kvarandre å halde saman i alle dagar inntil døden skilde dere ad, kun ein dag. Takk for alle gode minner.», skriv familien i dødslysinga.

Helsa svikta

Eg trur det var veldig godt at han slapp å få dødsbodskapen hennar.

Helene Røneid Bank om bestefaren

– Det var bestemor vi hadde rekna med skulle takke for seg først, så at ho følgde etter såpass tett, overraska oss ikkje. Bestemor visste at ho berre hadde nokre få veker att. Ho hadde fått påvist leverkreft for nokre veker sidan. Bestefar hadde vore sjuk over lengre tid. Han hadde dårlege periodar, og så kom han seg att. Det var meir usikkert kor lang tid han hadde att, fortel Røneid Bank.

Ho bur til dagleg i Drammen, men dei siste vekene har familien halde hus i Sogn på grunn av bestemora sin alvorlege sjukdom. Barnebarnet er glad for at besteforeldra på 88 og 87 år fekk sovne inn så å seie samstundes.

– Bestemor forsvann meir og meir inn i ein døs, så det er vanskeleg å seie kor mykje ho fekk med seg av det som skjedde. Men bestefar blei veldig lei seg når vi den siste dagen stadfesta at bestemor blei dårlegare og dårlegare. Eg trur det var veldig godt at han slapp å få dødsbodskapen hennar.

Møttest på garden

Historia om dei to startar heilt tilbake på 1940-talet.

Anders Røneid var fødd i 1926 og vaks opp i industristaden Høyanger, som den eldste i ein søskenflokk på fire. Åtte kilometer lenger ute i fjorden tok han teneste som gardsgut på Berge. Her møtte han den eitt år yngre gardsjenta Magny Berge, eldst i ein langt større søskenflokk.

Sidan var det berre dei. Familie, vener og kjende skildrar ekteparet som uvanleg samansveisa. Dei treivst ikkje frå kvarandre.

– Det var også einaste årsak til at dei flytta på omsorgsbustad i Høyanger. At bestemor ikkje lenger var i stand til å klare seg i huset lenger, fortel barnebarnet.

I februar i år flytta ekteparet derfor ei dryg mil frå heimen på Tronvik, inn til omsorgsbustadene i Høyanger tettstad. Men opphaldet vart kortvarig. Helsa skranta hos begge, og i mai gjekk turen attende til Tronvik, på Kyrkjebø sjuke og aldersheim, berre nokre hundre meter frå huset i Tiurvegen. Eit hus sonen Per Ove, som er tømrar, bygde for foreldra på 1970-talet.

Rask i replikken til det siste

Sjølv om den fysiske helsa svikta hos begge, var dei mentalt fullt til stades til det siste. Og sjølv og Magny vart prega av sjukdommen den siste tida, var ikkje minsst Anders tindrande klar.

– Dei sette pris på at dei fekk besøk. Bestefar hadde klare kommentarar heilt til han sa takk for seg.

Mellom anna var han uroa for om det var mat som var etande i ekteparet sitt hus.

– Han meinte at det måtte vere ganske tomt der oppe. Eg sa at eg hadde handla, så vi hadde no både mjølk, brød og egg. Men at eg hadde knust to av egga. Då kikka han opp på meg og sa: «Ja det heldt vel ikkje å knuse eitt…», ler Helene Røneid Bank.

Ivrige besteforeldre

Barnebarnet minnest eit samansveisa, omsorgsfullt par.

– Dei var veldig gode besteforeldre, på alle måtar. Når vi var små var vi her i alle feriar, sommar, haust, jul, vinter- og påskeferie. Når vi blei så store at vi fekk køyre buss hit åleine, så kom vi på eiga hand. Vi fekk lov til å ta med oss vener, som vart tekne imot med opne armar. Dei var ærleg til stades, seier ho og legg til:

– Bestefar var veldig oppteken av skotøyet vårt, at vi hadde gode sko. Det er ikkje få sko han har byta ut solane på.

Anders hadde nemleg gått i skomakarlære i ungdomen og hadde eigen verkstad i kjellaren. Men det vart inga yrkeskarriere som skomakar. I staden jobba han ved Høyanger Metallverk fram til han blei pensjonist. Først i produksjonen, seinare som lagerbetjent.

Kvar sine interesser

Anders Røneid var også eit kjent syn på sykkel for mange. På sykkel mellom Tronvik på Kyrkjebø-stranda og Høyanger. Førarkort tok han først i godt vaksen alder, og bilen var noko han berre nytta når han måtte.

Magny hadde kortare veg til jobb, i vaskeriet på den psykiatriske avdelinga på Tronvik. Privat heldt dei saman, reiste på turar og nytta hytta i Høyangerfjellet. Men interessene var likevel ulike.

Det hjelper mykje å vite at dei er saman. At ikkje ein av dei er att åleine.

Helene Røneid Bank, barnebarn

– For bestefar var det utan tvil slekt og ættebøker. Han snakka mykje om slekta si. Han var oppteken av historie. Leste mykje bøker om andre verdskrigen, og hadde mykje faktakunnskap. Han var oppteken av kva som skjedde i verda, heldt seg oppdatert på nyheiter.

– Bestemor var nok meir oppteken av dei nære tinga. Matlaging, og ikkje minst hagen og rosene hennar. Ho hadde mykje blomster og planter både inne og ute. Eg trur det var ei stor sorg for henne når ho ikkje lenger var i stand til å ta vare på hagen slik ho ønskte, seier barnebarnet.

Glad for at det enda slik

Fredag klokka 12 tek familie, slekt og vener farvel med Magny og Anders Røneid i Kyrkjebø kyrkje. Dei etterlet seg éin son, tre barneborn og fem oldeborn. Sjølve bisettinga blir tradisjonell, men likevel uvanleg.

– Det blir dobbelt opp. Eg reknar med at presten kjem til å snakke ein del om det i talen sin. For familien blir det sjølvsagt tøft, men det hjelper mykje å vite at dei er saman. At ikkje ein av dei er att åleine. Det blir ei perfekt avslutning. Det kan verke som det er ei meining med det, seier Helene Røneid Bank.