Hopp til innhold

Fekk melding om bil i fjellveggen

Politiet fekk i ettermiddag melding om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen på riksveg 5 ved Bjørnset i Flora kommune.

Politibil ved Bjørnset på riksveg 5

RYKKA UT: Då politiet kom fram, viste det seg at det likevel ikkje hadde skjedd noko ulukke i dag.

Foto: Trond Sagen

Også brannvesen og ambulanse rykka ut til staden. Då dei kom fram, viste det seg at det likevel ikkje var snakk om ei trafikkulukke.

– Det synte seg at meldar hadde misforstått. Hendinga hadde skjedd i natt då førar av bilen skulle svinge ut for ein hjort, opplyser politiet.