Hopp til innhold

Fekk reise utan å betale.

Litauarane som vart tekne for dekktjuveriet på Førde Vulk, fekk dra sin veg med eit ubetalt førelegg i lomma, skriv Firda. To av tre slike førelegg blir aldri betalt, syner statistikken til statens innkrevjingssentral. Litauarane hadde ikkje tjuvgods i bilen då dei vart arresterte, men vart felte av videobevis blant anna frå Førde Vulk. Politijurist Erling Melvær seier til avisa at dei ikkje kunne krevje inndraging av bilane til litauarane sidan dei er meir verde enn det dei er sikta for å ha stole.