Hopp til innhold

Fire køyrde for fort i 40-sone

Då politiet heldt fartskontroll i Angedalsvegen i Førde fredag ettermiddag vart det skrive ut fire forenkla førelegg for høg fart i 40-sona. Høgste fart vart målt til 49 km/t. Det vart også skrive ut ein mangellapp på grunn av tekniske manglar på eit køyretøy.