Hopp til innhold

Fire arresterte for dekktjuveri i Førde

Politiet aksjonerte i dag i Naustdal etter tips frå publikum.

Politi-illustrasjon

FEKK TIPS: Politiet aksjonerte i Naustdal i dag etter tips frå publikum.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Natt til 29. juli i år blei det stole seks dekksett til ein verdi av fleire tusen kroner frå Førde Vulk. På overvakingsbileta kunne ein tydleg sjå ein kvit varebil.

– I dag fekk vi melding om at bilen stod parkert i Naustdal. Når vi kom ut dit var det to bilar og fire personar. Alle fire vart då pågripne og tekne med til lensmannskontoret, seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Politiet er no i ferd med å ransake bilane for tjuvegods. Faleide seier dei vil avhøyre dei fire, som alle er frå Aust-Europa, i løpet av kvelden.