Hopp til innhold

Folk slit med å få i seg nok drikke - sjukehuset legg dagleg inn pasientar med væskemangel

Fleire pasientar har blitt lagt inn på Førde sentralsjukehus på grunn av varmen som har slått inn over fylket dei siste vekene.

Pasient

MÅ BEHANDLAST: Varmen som har prega fylket den siste tida har gjort at fleire pasientar blir sende til sjukehus med væskemangel.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Vi har dagleg pasientar som blir lagt inn i denne perioden. Dei er rett og slett blitt dehydrerte på grunn av varmen, seier lege i spesialisering ved medisinsk avdeling, Kjersti Garfors.

Kor mange pasientar som har vore innom dørene med lite væske i kroppen har dei ikkje oversikt over, men felles for mange av dei er at dei også lir av andre sjukdomar eller tek medisinar som gjer dei ekstra utsette i varmen.

– Nokre kjem inn dehydrerte i kombinasjon med alkoholinntak, eller bruk av ulike medisinar. Vassdrivande medisinar og enkelte blodtrykksmedisinar gjer at ein kan bli dehydrerte, forklarar Garfors.

Kjersti Garfors

DAGLEG: Lege Kjersti Garfors og dei andre legane på Sentralsjukehuset i Førde får kvar dag inn pasientar som ikkje har fått i seg nok væske i sommarvarmen.

Foto: NRK

Eldre spesielt utsett i varmen

Ho har ikkje vore med på liknande tidlegare, og fortel at varmen er ekstra belastande for ei gruppe pasientar.

  • LES OGSÅ:

– Spesielt eldre pasientar er utsette, dei toler varmen dårlegare. Det gjer også babyar og småborn. Men også pasientar med kroniske sjukdomar, som nyresjukdom eller hjartesjukdom kan vere ekstra utsette, seier legen.

Førde sentralsjukehus

FLEIRE PASIENTAR: Førde sentralsjukehus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Drikk vatn, oppmodar legen

Ifølgje meteorologane skal det varme vêret halde seg over fylket i tida framover. Då har Garfors gode råd på lur for dei som vil unngå å bli utmatta og dehydrerte i varmen.

– Først av alt må ein prøve å førebyggje, og få i seg nok drikke, helst vatn, gjerne med noko salt i. Så bør ein ikkje vere for mykje ute i sola og varmen, men ta seg eit bad eller kjøle seg ned på anna vis.