Hopp til innhold

Framleis låg arbeidsløyse

923 personar i Sogn og Fjordane står heilt utan arbeid ved utgangen av oktober. Det svarar til 1,6 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 66 færre enn på same tid i fjor. På landsplan er arbeidsløysa på 2,7 prosent, det er ein auke på seks prosent samanlikna med same periode i fjor. Sogn og Fjordane har framleis klart lågast arbeidsløyse i landet.