Hopp til innhold

Frifunnen

Ei transportverksemd er i Fjordane tingrett frifunnen for ansvar etter det Statens vegvesen meinte var systematiske brot på køyre- og kviletida. Det var under ein kontroll i 2009 at fem førarar braut relgane. Samtlege fekk og godtok førelegg for dette. To av førarane hadde totalt 43 brot på pausereglane og 21 brot på reglane om døgnkvile over ein kortare periode. Retten fann at førarane hadde endra køyreopplegget sitt sjølve utan at arbeidsgjevar visste om det. Dei kunne heller ikkje slå fast at verksemda ikkje instruerte og kontrollerte førarane sine.