Hopp til innhold

Rykte ut for å berge havsule i havsnaud

Eit sjøredningskorps bergar ikkje berre menneske i havsnaud. I går ettermiddag hjelpte medlemmer i Måløy Sjøredningskorps ei havsule.

Berging av havsule

IKKJE HEILT ENKELT: Havsula var ikkje særleg samarbeidsviljug, men Jannicke Myrestrand, Håvard Svoren og Torill Kvalheim greidde å få laus tauet som var surra rundt nebbet.

Foto: Per Bergmann / Redningsselskapet

Det var mannskapet på redningsskøyta «Halfdan Grieg» som i 17-tida i går oppdaga ei havsule i naud mellom Måløybrua og Blålidneset.

– Vi såg at havsula hadde vikla seg inn i eitt eller anna, men vi hadde ikkje hov med oss, og båten vår er forholdsvis stor, seier Per Bergmann.

Men før dei hadde gått frå Måløy hadde dei sett at folk frå Måløy Sjøredningskorps var tilgjengelege i båten sin, og dei ringde til dei og bad dei ta med hov.

– Så la vi oss til å vente ved havsula, og då hjelpa kom fram kunne vi vere vitne til og ta bilete av redningsoperasjonen.

– Likte det ikkje heilt

Håvard Svoren, Jannicke Myrestrand og Torill Kvalheim i Måløy Sjøredningskorps fekk havsula om bord i båten sin og sette i gang med å få den laus frå det som hadde surra seg rundt nebbet.

– Det var ikkje heilt lett, for havsula likte ikkje heilt å bli teken opp av sjøen. Men vi heldt roa og fekk løyst opp tauet, det var noko grønt tau som truleg stammar frå eit garn, seier Håvard Svoren.

Då dei var ferdige sleppte dei havsula uti sjøen att, men fuglen tok ikkje til vengene.

– Han var sikkert sliten, for han vart liggande på havflata. Uansett var det kjekt å kunne hjelpe, vi hjelper ikkje berre menneske, seier Svoren.